-
Gjer Stord til ein av landets beste kommunar å veksa opp i
Venstre vil gjennomføra eit heilskapeleg oppvekstløft på Stord. Sikra styrka grunnbemanning i barnehagar, fleire yrkesgrupper inn i skulane slik som miljøterapeutar, og ein styrka administrasjonsressurs for skuleleiing til å driva utviklingsarbeid. I tillegg til store og små grep som familieoppfølging av førstefødande, foreldrekonferansar, leikeplass-fornying, fritidsaktivitetar og lekse- og mobilfri skule. Venstre ønskjer brukar det neste tiåret på å utvikla Stord til ein av landets beste kommunar å veksa opp i, gjennom å tenka breidt og heilskapeleg rundt korleis me tilrettelegg for ei god oppvekst.
-
Redusert forurening og berekraftige val for nærmiljøet
Venstre vil få kommunen over på miljø- og klimavenlege løysingar. Me skal bli ein ambassadør for berekraftig åtferd og ta konkrete val for å redusera vår forsøpling og forureining. Mellom anna slutta med plastgranulat på kunstgrasbanar, ha solceller på eigna kommunale tak og bruka miljøvenlege materiale i nybygg og renovasjonar.
-
På lag med gründer og jobbskaparane
Alle kreative sjelar innan kultur- og næringsliv skal møta ein kommune som er lagspelar i å få til aktivitet. Venstre ønskjer at alle med gode idear skal få best mogeleg vilkår for å starta nye bedrifter. Alle skal få tilgang på rådgjeving og informasjon. Og me skal støtta eksisterande verksemder i sine satsingar på nye marknadar og ny teknologi, og ha ein serviceinnstillt kommune med rask og fagleg styrka sakshandsaming.
-
Ny Sjukeheim og ny arbeidsgjevarpolitikk!
Venstre vil ha på plass ny sjukeheim, og den ønsker me primært at skal vere i Sagvåg. SAmstundes må me styrka arbeidsgjevar-kommunen Stord for å sikra rekruttering til å bemanna både eksisterande og nye sjukeheimar, slik at me både ivaretar bebuarane sine buforhold, og dei tilsette sine arbeidsvilkår og -miljø. Me må sikra betre arbeidsforhold for tilsette i oppvekst og helse i kommunen, for å sikra rekruttering og arbeidsglede, samt redusera sjukefråværet. For Venstre er retten til å avgjera eigen kvardag grunnleggjande. Eldre og yngre som ønskjer å bu heime med tenester frå Stord kommune skal ha høve til det.