Granvin Venstre, Ulvik Venstre og Voss Venstre utfordrar ordførarane!

Laurdag 28.03.09 er dagen for verdas største klimakampanje – «Earth Hour». Granvin Venstre, Ulvik Venstre og Voss Venstre oppmodar no – i form av eit ope brev – innbyggarane og ordførarane i Vaksdal, Granvin, Ulvik og Voss til å støtte initiativet!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


I avisa «Hordaland»(laurdag 20.03.09) er det eit oppslag om dette initiativet. I brevet til ordførarane i Vaksdal, Ulvik, Granvin og Voss skriv me:

«Sløkk lysa i ein time!

Granvin, Ulvik og Voss Venstre ynskjer å kome med ei oppmoding til kommunane og alle innbyggjarar.

28. mars er dagen for verdas største klimakampanje, "Earth Hour". Kampanjen går kort ut på at alle deltakarar sløkkjer lysa i ein time, frå kl.20.30, laurdag 28.mars. I 2007 såg kampanjen dagens lys. 2.2 millionar menneske var då med. Året etterpå var det 50 millionar, i 35 land som deltok.

Noreg har uttalte mål for reduksjon av klimagassar, og dei uttalte måla er i verdsklasse. Men det er ikkje lengre nok å snakke, tida er komen for å gjere noko. "Earth Hour" er på inga måte ei løysing i seg sjølv. Men ei slik markering over heile verda er ei stor påminning om den største utfordringa i vår tid, og har slik ei kraftig symbolsk verknad. Å fremja redusert energibruk — markert gjennom lysløkkinga 28.mars — er eit viktig bidrag for klimaet. Dette er ei haldning me må dyrke fram dagleg – "Earth Hour" har ein funksjon i så måte.

Voss Kommune har allereie meldt seg på kampanjen. Voss Venstre reknar med at kommunen også kjem med ei kraftig oppfordring til alle private om å delta. No ynskjer Granvin Venstre, Ulvik Venstre og Voss Venstre at også nabokommunane kan kome etter, både med tiltak i kommunale bygg og med oppfordring til innbyggjarane.

Bodskapen er klar. Også kommunane og innbyggjarar i Granvin, Ulvik, Vaksdal og Voss skal gjere sitt for klimaet, og 28. mars meiner me alvor!

Mvh.

Ingebjørg Winjum,
Leiar Granvin Venstre

Torbjørg Austrud,
Leiar Ulvik Venstre

Knut Olav R. Nestås,
Leiar Voss Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**