Eit svik mot naturen og verneprinsippet!

Å opne for utbygging i verna vassdrag er eit svik mot våre mest verdifulle naturverdiar, Sogndal Venstre

Ap, SP, FRP og Høgre sviktar nok ein gang natur og miljø, når dei går inn for at verna vassdrag kan byggast ut. Dette er Venstre sterkt imot!

Beslutninga er eit svik mot den vakraste og mest verdifulle vassdragsnaturen me har, og eit brot med prinsippet om at verna natur skal vera urørd. Venstre vil ha eit sterkt vassdragsvern, fråsegna vår frå 2022 står me ved!

Eit fleirtal i Energi- og miljøkomiteen har i behandlinga av flaum- og skredmeldinga gått inn for at «det blir opna for konsesjonsbehandling av kraftverk over 1 MW i verna vassdrag, der samfunnsnytta, for eksempel i form av flaumdempande tiltak blir vurdert som stort, samstundes som miljøkonsekvensane blir rekna som akseptable».

Med slikt vedtak blir vassdragsvernet sett fullstendig til side. Me er einige med leiar i Naturvernforbundet som meiner at det i praksis då ikkje lenger blir noko skilje mellom verna elvar og andre elvar.

Og for kva? Vi høyrer argumentet om skånsom utbygging som flaumsikring. Men kartleggingar og utgreiingar frå NVE tilseier at dette ikkje er beint fram. Det er ikkje slik at flaumelvar enkelt kan temjast gjennom skånsom utbygging. NVE sler også fast at slik utbygging i verna natur ikkje vil gje særleg stor samfunnsnytte i form av fornybar energi. Med eit lite trekk på skuldra vil AP, SP, FRP og Høgre likevel setja naturverdiane våre under press.

Reknestykka med miljøkonsekvens og naturverdi oppimot samfunnsnytte har me sett før. Kven trur du kjem ut som taparen?