Semje om talgrunnlag i jordbruket

Alfred Bjørlo, portrett nærbilde
Alfred Bjørlo, Foto: Helle Frogner

Ap, Sp, Venstre, Krf og Pasientfokus – som til saman utgjer eit fleirtal på Stortinget – er i dag enige om prinsippa for talgrunnlaget i dei årlege jordbruksoppgjera.

 

– Venstre er opptatt av å sikre klare føringar for jordbruksforhandlingane som kan stå seg over tid, og hindre at landbruket blir offer for politisk spel frå fløyparti som Rødt, SV og Frp. Norsk landbruk og norske distrikt treng den avklaringa på tvers av «midtstreken» i politikken som Venstre no er med å sørge for, det seier Venstre sin næringspolitiske talsperson, Alfred Bjørlo.

Venstre er også glade for å få på plass eit talfesta økomål på 10% økologisk landbruk innan 2032 – kombinert med virkemiddel som sikrar auka omsetning og etterspørsel etter økologisk mat.

– Norge heng langt etter våre nordiske naboland på økomat. Eit skikkelig norsk økoløft er etter Venstre sitt syn viktig for både miljø, mangfald i landbruket og framtidig sjølvforsyning. No kan eksisterande og nye økobønder omsider få den forutsigbarheten dei treng for å satse, investere og planlegge auka produksjon.
Eg ser fram til den varsla Nasjonale strategien for økologisk jordbruk som skal kome om kort tid, bygd på økomålet vi no slår fast. Eg og Venstre forventar at talfesta ambisjonar for offentlig innkjøp av økologisk mat er del av den nye økostrategien, bygd på det vi no er enige om på Stortinget, seier Alfred Bjørlo.

Les avtalen her: Semje om talgrunnlag i jordbruket 030225