Nasjonal storsatsing på lokal straumproduksjon

Både regjeringa Solberg og regjeringa Støre har hatt hovedfokus på dei store produsentane i streben etter ny fornybar energi for det grøne skiftet. Det heilt sentrale spørsmålet er om ei einsidig satsing på store vindmølleparkar på land og til havs, store solcelleanlegg plassert ute i naturen er den beste strategien for å sikre naturmangfoldet, for brukarane si lommebok og for energiberedskapen i framtida.

Elektrisk energi til oppvarming er den «lågthengande frukta» å starte med. Ein gjennomsnittleg norsk husstand brukar opp mot 70 % av elektrisiteten til oppvarming. Liknande prosentandel av straumforbruket er det svært sannsynleg at bedrifter med kontorrelatert arbeid vil ha. Av det årlege straumforbruket på ca. 130 TWh kan ein med eit forsiktig anslag rekne til ca. 40-50 TWh. Til å varme opp hus finst det mange gode alternativ til elektrisk kraft som på kort sikt kan realiserast og meir enn halvere straumforbruket til dette formålet. Her kan nemnast væske til vatn-varmepumper (bergvarme) som i dag kan skilte med 80 % effektivitet, og har full effekt heile året (også om vinteren når behovet er størst). Denne teknikken kan også brukast til nedkjøling av td. industrianlegg som har behov for det.

Fjernvarme vil vera eit godt alternativ i mange byar og lokalsamfunn der det på sikt vil vere god tilgang på råstoff. I tillegg til spareeffekten til oppvarming vil utbygging av solceller på alle norske hus og driftsbygningar på relativt kort tid frigjere elektrisk kraft til nye industriformål.

Den overordna energistrategien for landet bør vera å utvikle alle sparetiltak maksimalt, bygge ut ny energiproduksjon lokalt og utnytte eksisterande bygningsmasse og tettbygde område før ein går laus på urørt natur.

Ein må dessutan legge til rette for installering av batterier. For kven vil installere anlegg og produsere straum når ein i periodar opplever negativ pris, altså at ein faktisk må betale for å levere straumen frå seg? Få år tilbake betalte dei fleste nettselskapa 1 kr pr. Kwt til sine private produsentar. Denne ordninga har blitt fjerna, og brått er rammene endra for alle private som har installert anlegg til hundretusenvis på hustaka sine.

Skal ein oppnå målet med fornybar energi i det grøne skiftet må styresmaktene ta heile landet i bruk og gi folk flest moglegheit til å delta i utviklinga. Ein slik strategi vil kreve rausare støtteordningar frå staten enn det som er tilfelle i dag. Kommunar og fylkeskommunar må få eit overordna ansvar og tilførast gode økonomiske rammer for å utnytte dei lokale fortrinna som finst rundt om i landet. Ein nasjonal energidugnad med stor satsing på lokal straumprodusjon/-sparing vil ha mange positive effektar både på kort og lang sikt:

  • Rask frigjering av elektrisk kraft og ny lokal el-produksjon
  • Frigjere kapasitet i straumnettet
  • Folk flest kan vera med å investere og hauste i form av billig straum i framtida
  • Husstandar og næringsliv vel vera mindre sårbare for importerte straumprisar
  • Sikre større nasjonalt eigarskap til framtidig energiproduksjon
  • Eigenprodusert straum vil vera eit viktig tilskot til samfunnsberedskapen

 

Politisk uttalelse fra Telemark Venstre, vedtatt på fylkesårsmøtet i Skien 25.januar 2025