Uttalelse: Rogaland Venstre vil gjera det enklare for pensjonistar å jobbe

foto: iStock

Fylkesårsmøte til Rogaland Venstre vedtok søndag 26. januar ei fråsegn om at vi vil gjera det enklare for pensjonistar å jobbe.

Vi går inn i ei tid der knappleik på personressursar kan bli svært kritisk i fleire sektorar i heile landet. Fødselstala i Noreg og store delar av Europa er rekordlåge og me er nøydde til å omstilla samfunnet slik at ein får nok folk i arbeid. Samfunnet må vera førebudd på ei omstilling som vil krevja mykje i form av ny teknologi og høgare effektivitet, samtidig vil det vera viktig at me klarer å aktivisera mest mogleg av den yrkesføre befolkninga. Me kan potensielt ha ein høg reservearbeidstyrke blant pensjonistar som ønskjer å jobba i ei eller anna form. Det vil vera viktig å sikra at dei som har verdifull kompetanse og arbeidsvilje har tilstrekkeleg incentiv til å gjera dette.

Ei svært viktig gruppe i så møte, er pensjonistar som kan og ønskjer å arbeida. Fleire pensjonistar har helse til å bidra lengre i arbeidslivet. Anten gjennom fast jobb, prosjektbasert eller gjennom kortare oppdrag. Fleire av tiltaka under kan gi andre potensielle fordelar som auka skatteinntekter til staten, redusert risiko for at pensjonistar opplever einsemd eller inaktivitet samtidig som ein får tilført verdifull kompetanse frå erfarne arbeidstakarar.

Grensen på 0,26G (i 2025 svarer til dette rundt 29 848 kr) kan hevast. Dette vil gjera det meir attraktivt for pensjonistar å jobba utan at pensjonen blir redusert. Til dømes kunne grensa aukast til 1G eller ein annan høgare sum.

Pensjonssystemet kan tilpassast slik at det blir enklare å ta ut pensjon gradvis, samtidig som ein arbeider. Dette kan skapa ein jamn overgang frå arbeidsliv til pensjonisttilvære utan store økonomiske tap.

Bedrifter kan motiverast til å tilsetja pensjonistar gjennom økonomiske fordelar, som redusert arbeidsgivaravgift eller støtte til tilrettelegging på arbeidsplassen.

Mange pensjonistar er usikre på kva for nokre økonomiske konsekvensar arbeid kan ha for pensjonen. Betre informasjon og rådgiving kan hjelpa fleire til å utnytta systemet på ein gunstig måte.

Rogaland Venstre vil:

  • styrkje informasjonsarbeidet til pensjonistar
  • at me skal sjå på moglegheita for å auka grensa for inntekt utan avkortning
  • sjå på betre arbeidsgivarinsentiv
  • vurdere innføring av fleksible pensjonsordningar
  • sjå på om pensjonistar som jobbar, kan få lågare skatt på arbeidsinntekt. Dette kan oppnåast gjennom skattefrådrag eller lågare trygdeavgift. Til dømes har eldre arbeidstakarar allereie lågare trygdeavgift i dag, men denne kan ytterlegare senkast for å auka lønnsemda.
  • at ein skal vurdera ordninga med pensjonistlønn slik at denne kan bli meir fleksibel enn i dag.