Trongt om plassen på Trudvang

Magnhild Sægrov
Magnhild Sægrov etterlyser fleire svar om Trudvang-utbygginga, Foto: Privat

Av Magnhild Sægrov, Sogndal Venstre, Sogndal
Innlegget blei publisert i Sogn avis, digitalavisa, 26.01.25

Samspelfasen for Trudvang er i gang. Ein skal få plass til basishall, men utan at ein forsyner seg av utearealet, som allereie er i minste laget. Det er difor viktig at ein får diskutert og løyst alle relevante element i denne fasen.

Regjeringa foreslår no å byggje bomberom i alle nye bygg over 1000 kvm, som del av Totalberedskapsmeldinga. Uavhengig av om lova trer i kraft før eller etter byggjestart for Trudvang; vil me i desse usikre tider byggje ein ny barneskule i Sogndal sentrum til ein halv milliard, utan å byggje tilfluktsrom? Dette spørsmålet bør ein avklare no.

Parkering er enno ikkje løyst i dette prosjektet. Dersom ein skal byggje parkeringskjellar, kan tilfluktsrom løysast i samband med dette, jamfør regjeringa sitt forslag om å nytte parkeringskjellarar som enklare tilfluktsrom?

Utearealet til ungane er viktig. Såpass viktig er det, at kommunaldepartementet i fjor underkjende reguleringsplanen til Vaulen skule i Stavanger. Departementet la vekt på at uteareala var langt under dei tilrådde arealnormene, at dei var delvis bratte og delvis lagt på tak. Mykje av dette gjeld også nye Trudvang skule. På Trudvang er det Stitoppen som «reddar» arealnorma, men mesteparten av Stitoppen er bratt skråning. Me bør ikkje lure oss sjølve ved å rekne med denne skråninga, og utan den vert tilgjengeleg areal per elev like dårleg som i Stavanger. Merk også at vinnarutkastet har rekna med Skulevegen 1 og Leighgota 2 som del av utearealet. Desse må i so fall oreignast

Det blir spennande å sjå korleis ein no skal løyse basishall og parkering på Trudvang. Det bør i alle fall planleggjast slik at det ikkje innsnevrar uteområdet til ungane enda meir enn i dag. Om ein får underkjend heile prosjektet hjå statsforvaltar og departement, kan realiseringa av nye Trudvang skule ta enda meir tid.