Sogndal kan gjera meir for å få unge inn i bustadmarknaden

Foto: iStock

Takk Rebekka Brun Vigdal, for viktig innlegg om unge vaksne og utfordringa med å kjøpe bustad i Sogndal! Du har rett: Sogndal kommune kan gjera meir, og læra av Luster!

Innlegget blei publisert 21.o1.25 i digitalutgåva til Sogn avis

Difor ser Luster meir attraktivt ut for førstegongskjøparar enn Sogndal

Sogndal Venstre har lenge etterspurt og etterlyst ein bustadstrategi for å leggje betre til rette for og stimulere til fleire eigna bustader i heile kommunen. Endeleg, i november, vedtok kommunestyret ein eigedomsstrategi med bustadpolitiske føringar. Den har manglar og kan bli betre, men eit steg framover. På same måte er det viktig at arealplanen no blir ferdigstilt. Ein arealplan med realistiske føringar for vidareutvikling er sjølvsagt sentralt for bustadutvikling. No treng me innsats i å følgja opp!

Venstre vil at Sogndal kommune skal gjera meir, for fleire grupper, i heile kommunen, blant anna

  • Dei som har størst vanskar med å etablera seg i ein trygg og eigna bustad, til dømes låginntektsfamiliar med born.
  • Eldre som bur i lite tilgjengelege hus, som treng rettleiing og støtte til å tilpassa, eller etablera seg i ein meir eigna bustad
  • Unge førstegongsetablerarar som strevar med eigenkapitalkravet, som kanskje også ser etter andre bualternativ enn det som er tilgjengeleg

Det eine utelukkar ikkje det andre. Alt heng saman med alt.

Sogndal kommune har ambisjonar om å utfordra, og vera nysgjerrige på nye løysingar. I planane har me mål om å utvikla modellar, t.d. «leige til eige. Me snakkar om nye buformer og sosiale bumiljø. Alt dette er viktig! Så lat oss prøva meir ut!

Venstre vil at me gjer som Luster, og søkjer midlar til forsøk og utvikling for å få fleire inn i marknaden og i eigna bustad. I haust fekk Luster kommune 4,6 millionar kroner frå Husbankens nye forsøksordning med utvida bruk av startlån. Forsøket er for førstegongsetablerarar som, trass fleire år med sparing, ikkje har fått lån til bustadkjøp og som heller ikkje fell innunder ordinære reglar for startlån. Dette er eit konkret tiltak for å få fleire unge inn i bustadmarknaden, slik Brun Vigdal etterlyser.

Fristen for å søkja på forsøksmidlar i 2025 er allereie 31. januar. Venstre utfordrar ordføraren på å følgje opp saka. I neste formannskapsmøte vil me også ta initiativ til at kommunen søkjer utviklingsmidlar frå ordninga bustadtiltak i distrikt. Behovet er der. Planane er lagde. Staten bidreg. Kva ventar me på?