Besøk frå Alfred Bjørlo – må satsa på slike kompetanseklynger

Nyttige og inspirerande møter i Sogn for stortingsrepresentant Alfred Bjørlo , Sogndal Venstre

Det må satsast på slike kompetanseklynger og -miljø som me finn i Sogndal og Leikanger, dei er viktige for heile regionen, seier stortingsrepresentant for Venstre, Alfred Bjørlo.

Sist veke hadde Sogndal Venstre besøk av stortingsrepresentant Alfred Bjørlo og Gunhild Berge Stang, 2.kandidat for Sogn og Fjordane, til stortingsvalget.

I Sogndal møtte me viktige aktørar for næringsutvikling i Sogn: Sogn Næring, Innovasjon Norge, Kunnskapsparken Vest og Høgskulen på Vestlandet. Her fekk med god orientering om kva som rører seg i Sogn, moglegheiter og utfordringar framover. I møtet deltok også ein representant for unge grunderar, som delte sine erfaringar. Viktig med gode støttespelarar tett på, sa Martin. Svært lærerikt og inspirerande å høyre om satsingar, drivkraft og moglegheiter i Sogn!

I Leikanger samla me representantar for ei rekkje offentlege etatar, saman med Vestlandsforsking, Høgskulen Vestlandet, Sogn Næring og Sognarådet. Føremålet med møtet var å høyre status og utsikter for dei offentlege kompetansemiljøa i Sogndal kommune. Eit nyttig møte som viser at det skjer mykje godt i dei offentlege kompetansemiljøa, og at nettverk og samlingar på tvers av fagmiljø og sektorar er viktig framover. Det vil Venstre jobbe vidare med.

På Statens hus møtte Alfred også Kristine Hetlesæter, som etter long-covid har vore sjukmeld i nesten 2,5 år. No er ho tilbake i full jobb, etter at ho fekk sjangsen til å delta i eit nytt behandlingsopplegg. Alfred takka Kristine for å dele si historie, slik ho også gjorde i NRK laurdagsrevyen. Alfred vil stille spørsmål til helseministaren om korleis regjeringa stiller seg til resultata frå behandlingsopplegget.

Etter nærare 2,5 år utanfor arbeidslivet er Kristine Hætleseter tilbake på jobb, etter å ha gjennomført eit nytt behandlingsopplegg. Denne veka delte ho si historie med Alfred Bjørlo. Her saman med kollega Maria Knagenhjelm.

 

 

 

 

 

 

 

Alfred Bjørlo fekk god orientering av dagleg leiar Gry Høyheim, om status og planar for ViteMeir-senteret

 

 

 

 

Dagen blei avslutta på ViteMeir, på Kaupanger. Der møtte me dagleg leiar Gry Høyheim, som orienterte om status og planar for senteret framover. Deretter hadde me ei runde i utstillingane, deltok på Ballong-forsøk og avslutta med internt møte for venstre-laga i Sogn.

Tusen takk for deltaking og bidrag!

Dagen blei avslutta med ballong-lab og medlemsmøte.