Stopp sniksentralisering av staten

Frå venstre: Ingrid Nergaard Fjeldstad (1. nestleiar), Torstein Tvinnereim (fylkesleiar) og Jens Håkon Slettemark Birkeland (2. nestleiar), Foto: Venstre

Vestland Venstre meiner regjeringa må gripe inn i å stogge statlege etatar i å bidra til ei sentralisering av desentraliserte statlege verksemder. Ikkje nok med at regjeringa er utan ambisjonar for utflytting av statlege arbeidsplassar, så tillet dei ei kontinuerleg utvatning av tidlegare politiske vedtekne lokaliseringar. Til dømes ser vi at fleire statlege landsdekkande etatar som har kontorstadar fleire stader i landet tilsete i Oslo. På denne måten blir destentraliserte arbeidsplasser sentralisert til Oslo, uten politisk kontroll.

Regjeringa maktar ikkje eingong å løyse eit marginalt problem rundt korleis bruke FINN.no eller Arbeidsplassen.no for å marknadsføre stadsuavhengige statlege arbeidsplassar over heile landet! Stillingar som utlysast med fleire ulike arbeidsstadar kjem berre opp i Oslo. Da blir det vanskeleg å søkje på dei frå andre stadar.

Det er ikkje lenger grunnlag for å hevde at det er fagleg uforsvarleg å desentralisere staten.

Sidan Bondevik II gjennomførte ei utflytting i stort monn så har ein nok empiri til å konkludere at dei dystre spådommane frå eit Oslo-tungt embetsverk er gjort til skamme. Dei statlege kompetansemiljø i Bergen, Sogndal og Førde er gode dømer på det. Sist ut var Menon Economics som i 2023 gjorde ei evaluering av utflytting av Norec til Førde. Rapporten konkluderer med at Norec leverer betre på samfunnsoppdraget etter flyttinga, at brukarane er nøgde, at dialogen med Utanrikdepartementet er betre, og at det går lettare å rekruttere kompetent arbeidskraft til Førde.

Vestland Venstre ber regjeringa sikre at kompetansearbeidsplassar vert etablert og tilrettelagt for fleire stadar i landet, og levere ein plan for å sikre at kompetansearbeidsplasser forblir i heile landet.