Forsvaret må få eit kraftløft

Frå venstre: Ingrid Nergaard Fjeldstad (1. nestleiar), Torstein Tvinnereim (fylkesleiar) og Jens Håkon Slettemark Birkeland (2. nestleiar), Foto: Venstre

Krigen i Ukraina har no passert 1000 dagar, Nord Korea har heller uhindra fått senda soldatar til fronten og stadig fortset Russland og Kina med sine aktive tiltak; sabotasje, desinformasjon og valinnblanding. Over lang tid har diktatura vore koordinerte og samarbeid i åtaka sine mot den frie verda. I oktober i 2024 vitna leiarane for Tyskland sine tre etterretningstenester framføre forbundsdagen, der dei sa at Russland kjem til å vera klar til å gjennomføra direkte åtak mot NATO-land, seinast innan utgangen av dette tiåret.

Skal det liberale demokratiet overleva, må me rusta oss på eit slik set at me evnar å forsvara oss mot dei som måtte truga freden, fridomen og vårt levesett. Og skal me halda freden må me rusta oss på ein slik måte at me truverdig kan avskrekka motstandarar frå å la seg freista å testa oss i utgangspunktet. Slik me ter oss i dag legg me ikkje opp til dette.

Langtidsplanen for Forsvaret utgjer eit greitt utgangspunkt, men er langt frå tilstrekkeleg og mange av tiltaka er lagt opp til å koma for seint. Samstundes har Regjeringa ogso feila fullstendig i å følgja opp innhaldet i Totalberedskapskommisjonen.

Hæren har i dag sitt tyngdepunkt i Nord-Noreg, med viktige avdelingar på Austlandet. I tråd med Langtidsplanen for Forsvaret skal Hæren no styrkast monaleg, mellom anna gjennom etableringa av Brigade Sør. Vestland Venstre er uroa for at Hæren i dag ikkje har ståande avdelingar på Vestlandet, og meiner at landmakta må styrkast også her. Etableringa av Brigade Sør gir i så måte moglegheit for å sjå forsvaret av Sør-Noreg i samanheng, og det bør vurderast oppretting av ein bataljon på Vestlandet.

Eit norsk og europeisk industriløft

Forsvaret treng folk, men ein treng ogso nok materiell. Europeisk forsvarsindustri er forsvinnande liten. Europa produserer ikkje nok materiell korkje til å stø Ukraina i deira kamp eller til å fø oss sjølve. Noreg har eit velutvikla kompetansemiljø og gode føresetnadar for å utvida vår drift, samstundes er kapasiteten hjå NAMMO sprengd. Vestland Venstre meiner difor at ein må be NAMMO bygga ein ekstra fabrikk og utvida drifta si. Av tryggleiksårsaker bør eksisterende rustningsproduksjon er i stor grad lokalisert til Austlandet. Vestland Venstre meiner det no er på tide at ny rustningsindustri lokaliserast til Vestlandet, ikkje minst med tanke på Sjøforsvarets behov. Regionen har fordelar som spreidd busetnad, moglegheit for å etablere skytefelt i ubudde områder, krafttilgang, hamnar for utskiping, jernbane, flyplassar og kompetent arbeidskraft.

Vestland Venstre vil:

  • Framskunda investeringane som er lagt til andre halvdel av LTP og kraftig styrka Forsvaret i tråd med Forsvarskommisjonen sine tilrådingar
  • Styrka Noreg sine maritime kapasitetar
  • Følgja opp arbeidet til totalberedskapskommisjonen
  • Utvida produksjonen av norsk forsvarsmateriell