Venstre meiner at Noreg må ha ein sterk og uavhengig allmennkringkastar og andre redaktørstyrte medier som speglar det kulturelle mangfaldet i heile landet, for heile landet. Samstundes må det setjast strengare krav til transparens og ansvar for plattformer som påverkar informasjonsflyten i samfunnet. Venstre skal vere garantisten for at dei demokratiske og liberale verdiane våre blir verna, og for å sikre at kunnskap, fakta og den frie pressa får vilkår til å blomstre.