Den maritime klynga i Møre og Romsdal er avgjerande for utvikling av det maritime totalforsvaret
Vedtatt på fylkesårsmøte i Møre og Romsdal Venstre 19.01.25
Det skal satsast milliardar på Forsvaret i åra som kjem. Berre i Sjøforsvaret skal det skje ei historisk oppbemanning med minst 1300 nye sjøfolk. Dette skjer samtidig som den sivile flåten signaliserar eit skrikande behov for personell.
Med Forsvaret sin plan om å bygge fem nye fregattar og 28 støttefarty, er det eit stort og udekka behov for ingeniørar, teknikarar og sertifiserte sjøoffiserar til utvikling, drift og vedlikehald av desse fartya. Dette krev både lang erfaring og tung kompetanse innan skipsbygging, innovasjon og utdanning.
Så er det viktig at vi som nasjon kan bygge den kommande militære skipsflåten i Noreg, ikkje minst av omsyn til beredskap. Kapasitet til framtidig vedlikehald og viktig kompetanse må sikrast langs heile kysten. Til det trengs det fleire fagarbeidarar, både til verft og leverandørindustri.
Det er behov for eit stort utdanningsløft for å imøtekome dei utfordringane vi som nasjon no står framfor.
Den maritime klynga i Møre og Romsdal er ein del av løysinga.
Møre og Romsdal Venstre vil arbeide for
- Styrka samarbeid: å styrke samarbeidet mellom utdanningsinstitusjonar, maritimt næringsliv og Forsvaret, for å møte det auka behovet for maritim kompetanse og sikre nasjonal beredskap.
- Auka kapasitet i utdanninga: at det prioriterast å auke studieplassar innan maritime fag, samt tilrettelegge for raskare utdanningsløp og etter- og vidareutdanning for å møte både militære og sivile behov.
- Investering i maritim infrastruktur: At det støttast opp under nasjonale investeringar i maritim infrastruktur og kompetanseutvikling, med særleg søkelys på bygging og vedlikehald av fartøy ved norske verft og utvikling av nasjonalt forsvarsmateriell i Møre og Romsdal.
- Oppbygging av reservestyrker: At det vert arbeida for ei etablering av eit program for resertifisering og kompetanseheving for allereie utdanna sjøfolk og offiserar, slik at dei raskt kan bidra til å styrke nasjonen si reservestyrke.
Dette vil ikkje berre bidra til vår nasjonale sikkerheit, men også styrke næringslivet og auke verdiskapinga i heile regionen. Vi har ikkje råd til å ikkje investere i den maritime beredskapen og vi har dårleg tid!