I utgreiinga skal det bli vurdert både kva type anlegg som skal byggast, fordeler og ulemper ved ulike lokasjonar for anlegget, samt ein fullstendig økonomisk analyse av både bygging av anlegget og driftsutgifter/inntekter dei neste 25 åra, inkludert ei analyse av antatt antall brukarar.
I tillegg bør utgreiinga innehalde idear og tankar om kva tomtene som ikkje blir valde til plassering av symjehall skal nyttast til, då det er store områder som ikkje vil bli brukt. Her bør samfunnsnytte vere eit viktig moment, slik som bruk av sentrale areal til fortetting og bygging av tilrettelagde bustader i nærleiken av sjukeheim og andre helsetilbod.
Om det blir ei slik fullstendig utgreiing blir bestemd i formannskapet i januar eller februar.