Tilrettelagde bustader i Brattvåg sentrum

Foto: Haram Venstre

Venstre har snakka varmt om fortetting av Brattvåg sentrum sidan lenge før valet. Før jul kom Høgres Bjørn Sandnes ut med den same ideen.


I et leserinnlegg i Bygdebladet skrev Sandnes blant anna:

«Framover bør ein konsentrere seg om å bygge meir i sentrum. Ved å bygge leilegheitsbygg kan mange, spesielt eldre, frigjere eksisterande einebustader som då kan tilbydast til andre, gjerne barnefamiliar.»

Venstre ønskjer å følgje opp dette og vil ha ei utgreiing om moglegheiter og pris på tilrettelagde bustader og seniorbustader på tomta Ålesund kommune kjøpte til mogleg plassering av Folkebad i Brattvåggata for nokre år sidan.

Saka kjem opp i formannskapet i januar eller februar.