Omsorgstrappa, også kalla «tiltakskjeden», beskriv dei kommunale helse- og omsorgstjenestene. Omsorgstrappas tankegang er LEON-prinsippet, som er eit grunnprinsipp i det norske helsevesenet som betyr at ein skal få nødvendig hjelp på Lavaste Effektive OmsorgsNivå. Dette kan enklare forklarast ved at ein gir den rette omsorgshjelpa på lågast mogleg tenestenivå.
Dermed er det fleire ting som må på plass på Nordøyane. For det første vil Haram Venstre at Haram kommune skal bygge seniorbustader slik at eldre kan få den oppfølginga dei treng og ynskjer av helsepersonell som er tilgjengeleg 24/7. Mange eldre bur åleine i hus, og om dei kan få kjøpt eller leigd praktiske leiligheiter, vil det som ein gunstig bieffekt frigjere hus til nyetablerte familiar på øyane.
For det andre ønskjer Haram Venstre å sikre at øyane får tilgang til eigne sjukeheimsplassar.
Venstre har difor gjennom eit verbalforslag til budsjettvedtaket fremma eit ønskje om ei sak der kommunedirektøren redegjerer for kva som manglar for å få til ein fullstendig omsorgstrapp for Nordøyane, gjerne i samarbeid med Ålesund kommune for å inkludere gamle Sandøy kommune i ei felles omsorgstrapp. Om det blir ein eige sak avgjerast i formannskapet i januar eller februar.
Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre