Naturbrukslinje på Nordøyane opp i formannskapet

Nå trenger vi flere grønne, bærekraftige og lønnsomme næringer. Fiskeri- og havbruksnæringen vil være en vesentlig bidragsyter til dette., Foto: iStock

Skulane har blitt meir og meir teoretiske. Dei praktiske elevane fell frå, og mange føler skuletrettheita allereie tidleg på ungdomsskulen. Det at skulane er lagt opp til teoretisk flinke elevar gjer at det er dei teoretiske elevane som får gode karakterar, noko som igjen gjer at dei praktisk flinke elevane ikkje kjem inn på dei praktiske linjene på vidaregåande skulane.

Då Haram Venstre sette fokus på dette i eit innlegg i avisene for ein stund tilbake, vart innlegget delt over 5000 gonger. No ønskjer Venstre at Haram kommune skal ta initiativ til å skape ein eigen naturbrukslinje på Nordøyane.

Det er for få plassar på naturbruk i Møre og Romsdal i utgangspunktet, og når vi veit at det trengs over 4 i snitt for å kome inn på fiske og fangst andreåret skjønar vi at ikkje alle som ønskjer å jobbe innan ulike fiske eller fiskeoppdrettsyrker kjem seg vidare mot draumeyrket.

Naturbruk er ikkje berre for å bli fiskar eller fagarbeidar i akvakultur, men ein har også moglegheiter til å bli gartner, agronom eller skogsarbeidar i tillegg til hovslagar, hestefaglært eller fagarbeidar i reindriftsfaget. No er det vel ikkje så veldig aktuelt for Sunnmøringane å bli reindriftsfagarbeidar, men både fiske, fiskeoppdrett, gartneri og landbruk/skogbruk vil det vere stort behov for ikkje berre på Nordre Sunnmøre, men over heile landet.

Venstre er opptatt av at det ikkje nødvendigvis må vere fylkeskommunen som opprettar ein slik linje, men at han håper fylkeskommunen ser verdien i ein slik linje nettopp på Nordøyane. Ein plassering på Nordøyane vil gi ein unik moglegheit til å blande saman fiske/fiskeoppdrett, landbruk/gartneri og hestefaget dersom ein ønskjer det. Dei fleste slike naturbrukslinjene spesialiserer seg på éin av linjene, og mister dermed moglegheita å ta vare på kysttradisjonane med kombinerte fiske- og jordbruk.

Vi veit at mange av dei som går slike linjer ofte må på hybel for å gå på ein av desse skolane, slik at sjølv om Nordøyane er litt utanfor allfarveg, ser vi ikkje det som noko problem. Eg kjem jo sjølv frå Råde i Østfold, der ein av dei største naturbrukslinjene i landet ligg på Tomb vidaregåande skule. Her er det omlag 300 elevar frå heile landet, derav 170 elevar som bur på skulen sitt internat. Søkjarar med lang reiseveg har jo rett på bortebuarstipend.

Venstre legg vekt på at dette òg vil vera eit distriktspolitisk verkemiddel for å skaffe arbeidsplassar på øyane. Vi har for få ikkje-teknologiske arbeidsplassar på øyane, så dette vil vera midt i blinken for utviklinga av øyane som bustads- og arbeidsområde, samtidig som det er ei linje som er høgaktuell for mange av skuleelevane i vår eige kommune.

Venstre ønsker ein utgreiing på korleis kommunen kan leggje til rette for ei slik linje, anten i samarbeid med private eller å drive den i eigen regi. Forslaget om ei naturbrukslinje på Nordøyane kjem opp i formannskapet i januar eller februar, der vi håpar på å få støtte frå dei andre partia til i det minste ei utgreiing om dette.

Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre