Volda Venstre er svært fornøgde med at det no skal utarbeidast ein eigen kommunedelplan for naturmangfald. Naturen er under sterkt press både globalt, nasjonalt og lokalt. Naturtapet er ei like viktig sak som klimaendringane – dessutan heng naturtapet nær saman med klimaendringane. Naturtapet gir klimaendringar, og klimaendringar gir naturtap.
Denne planen må hindre auka press på naturen i vår kommune, og syte for at naturen får betre levevilkår i framtida. Her vil vi peike på berekraftsmåla til FN, der målet er 30% vern av all natur innan 2030, både på land og til havs. Dette må vere retningsgjevande også for Volda kommune framover.
30%-målet er eit positivt mål, fordi auka vern er sjølve grunnlaget for å halde oppe artsmangfaldet, og syte for at artane kan klare seg og utvikle seg inn i ei ny tid. Her vil vi vise til resultat frå auka vern av havområde: Verna område gir vegetasjon og fisk fred til å utvikle seg på eigne premissar, med det som følgje at fiskebestandane aukar i områda rundt det freda området. Dermed får ein meir å hauste – ein vinn-vinn-situasjon!
Denne planen bør difor leggje til rette for auka vern, og gjerne føreslå nye verneområde i kommunen. Men like viktig er ei generell varsemd i arealbruken framover. Ein kan ikkje stadig utvide areala som vi skal bruke, med det som følgje at vi får ei bit for bit-nedbygging av naturen. Dette handler om bustadområde, areal til næringslivet, hyttebygging, vass- og vindkraft – ja, alle saker som har med areal og utvikling å gjere.
Både for bustadbygging og forretningar er èin nøydde til å tenkje fortetting og å byggje i høgda, for å unngå å leggje under seg stadig nye areal, med meir eller mindre urørt natur. Likevel må fortetting og bygging i høgda vere tilpassa miljøet bygga skal plasserast i. Nye areal for næringslivet må komme i område som allereie er «øydelagde», og der restaurering gir lite meining.
Skal ein halde oppe trivsel i sentrum, er ein nøydde til å ta vare på dei grøne lungene som finst der. Èin kan ikkje leggje alt under asfalt og betong. Parkar og grøntområde er kjempeviktig!
Å ta vare på dyrka mark og å halde oppe jordbruk og matproduksjon er svært viktig framover. På verdsbasis er matproduksjon sett under press, og vi er nøydde til å halde oppe sjølvforsyninga og beredskapen i ei uroleg verd.
Likevel kan vi sjå føre oss konfliktar også innafor jordbruket, spesielt knytta til myr og skog. Å dyrke myr er ikkje lenger aktuelt, og å utvide skogsdrift inn i gamal skog, bør også unngåast. Her bør ein heller tenkje restaurering av gamal skog, der det no er granfelt. Dette vil auke artsmangfaldet, og dyrelivet vil få tilbake dei opphavelege leveområda sine – der det i dag berre er gran og nokre få andre artar. Å hauste overskotet i restaurerte skogsområde er fullt mogleg, sjølv om skogsdrifta her ikkje vil bli like intensiv som ved snauhogst av granfelt.
Volda Venstre vil ynskje lukke til med planarbeidet, og vil følgje opp arbeidet etter kvart som planen stig fram. Vi vil gi denne planen høg prioritet, også i det samla planarbeidet i kommunen framover.