Viktige skulesaker på agendaen etter nyttår

Foto: CDC on Unsplash

Skulane i Haram lir under at posisjonen ikkje gjev dei nok pengar til å levere det dei skal. Venstre tek derfor opp fleire skulesaker etter nyttår.


For ein må heile tida utvikle skulane. Det som var rett for utdanninga i 1990, stemmer ikkje i dag, men det finst òg ting som har forsvunne på vegen og kanskje bør kome tilbake.

Språkopplæring
Venstre ønskjer å samle all språkopplæring for flyktningar og innvandrarar, uavhengig av alder, på éin stad. Dette vil effektivisere bruken av språklærarane og gje mykje betre undervisning for dei yngste. Forslaget fører ikkje til ekstra utgifter.

Ekstra budsjettpost for skular og barnehagar
Skulane har store forskjellar i utgiftene til pedagogiske og helserelaterte tiltak. Venstre ønskjer eit todelt rekneskap som tydeleg viser kor stor prosentdel av utgiftene ved dei respektive skulane som går til høvesvis pedagogiske og helserelaterte tiltak.

Utgreiing av ny finansieringsnøkkel for skulane
Venstre ønskjer ei eiga sak der finansieringsnøkkelen for skulane blir vurdert.
Det skal utgreiast moglegheitene for å nytte statens satsar for privatskular også for offentlege skular, der skulane får 85 % av ein fastsett sats, medan dei siste 15 % blir fordelte etter spesifikke behov og utfordringar.

I tillegg ønskjer Venstre at det blir utgreidd korleis skulane kan få ein tilleggspost for medisinsk grunna utgifter til elevane. Det er i dag tilfeldig kva skular som får elevar med slike behov, noko som gjev store utslag i skulanes rekneskap.

Skulegang for dei mindreårige asylsøkjarane på Hamnsund
Alle dei mindreårige asylsøkjarane på asylmottaket på Hamnsund som er i grunnskulepliktig alder, blir plasserte på Brattvåg ungdomsskule. Det finst ikkje eit system for når og kor mykje skulane får i løyvingar for desse elevane, og ofte går store ressursar til å tilpasse opplegget for elevar som er på svært ulike nivå.

Venstre ønskjer eit budsjett og rekneskap for desse elevane, og ikkje minst ei sak der kommunen ser på korleis dei vil sikre at den ekstra arbeidsbelastninga, som kjem med elevar ein ikkje veit når kjem eller når dei skal dra vidare, blir dekka ressursmessig for BUSK.

Praktisk linje ved ungdomsskulen
Minst halvparten av dei som er i eit klasserom i Haram, skal ikkje på høgskule eller universitet – i alle fall ikkje dei første fem-seks åra. Ofte er det opp mot 60 % av dei som skal jobbe seg fram til fagbrev på det vi kalla “yrkesskulen” i gamledagar.

Difor vil Haram Venstre at kommunedirektøren greier ut korleis vi kan innføre ein praktisk linje ved Haramsskulane. Anten ved å ha eigne praktiske klassar på ungdomsskulane, eller helst i samarbeid med Haram vidaregåande skule, slik at dei kan gjennomføre sitt tiande skuleår på verkstaden der med same læringsmål som dei teoretiske.

Alle skjønar at dei kjem til å lære meir då, og at det blir lettare å kome seg fram til fagbrevet seinare fordi dei ikkje har blitt så skuleleie som dei kunne ha blitt.

For eit menneskeliv er ikkje meir verd om ein er flink i realfag enn om ein er rå med hendene.
Kanskje treng enkelte både to og tre forsøk for å få fagbrev eller kompetansebevis, men sjansen for å klare det blir større om vi skaper ein skule i Haram for alle.

Alle desse sakene vil bli tekne opp i formannskapet i januar eller februar. Formannskapet avgjer om dei får vidare behandling i løpet av 2025.

Christian Holstad Lilleng
Gruppeleder Haram Venstre