I rapporten skriv NIVI at i skriftlege tilbakemeldingar frå over halvparten av kommunedirektørane i Møre og Romsdal, vert det vektlagt at interkommunalt samarbeid kan vere avgjerande for tenestekvalitet og for at kommunen kan tilby forsvarlege tenester på lovpålagde område. Omsynet til fagmiljø og rekruttering av nødvendig fagkompetanse vert framheva som viktige grunnar.
Av 15 informantar svarar 12 kommunedirektørar ubetinga ja på spørsmålet om det vil bli behov for meir interkommunalt samarbeid. Tre kommunedirektørar gir ei meir betinga grunngjeving for auka samarbeid.
NIVI skriv vidare at fleire meiner det er behov for fastare strukturar for samarbeid. Blant informantane er det også nokre som luftar innovative tankar om forsterka samarbeid som ein aktuell strategi for vidare kommuneutvikling. Kommunedirektørane peikar på mange kompetansekrevjande funksjonar og oppgåver som aktuelle for interkommunalt samarbeid. Dette gjeld både administrative funksjonar og forvaltningsoppgåver, kompetansekrevjande velferdstenester og ikkje minst plan- og utviklingsoppgåver, inkludert behov for auka samarbeid om beredskap, klima og miljø og kommunal infrastruktur.
Det er brei semje om at interkommunalt samarbeid vil vere viktig for framtidig rekruttering og kompetanseutvikling på dei sentrale fagområda i kommunen. Mange meiner interkommunalt samarbeid vil vere avgjerande for å sikre rekruttering og stabilitet i fagmiljø. Nokre meiner også at samarbeid om rekruttering og kompetanseutvikling vil vere nødvendig dersom vi skal vidareføre dagens kommunestruktur.
I svara vert det peika på praktiske og prinsipielle argument mot eit meir omfattande interkommunalt samarbeid på dei største tenesteområda i kommunen. Nokre vektlegg at alle kjempar for arbeidsplassar og tenestetilbod i eigne kommunar, og at det er ein utbreidd frykt for å miste styringa over viktige tenester i lokalsamfunnet. Andre peikar på at kommunen er for lite opptatt av tenestekvalitet og manglar kunnskap om eigen sårbarheit innanfor til dømes helse og omsorg. Det vert også peika på at nauda enno ikkje har råka kommunen.
I tilrådinga frå utreiar ligg ein langsiktig tyngdepunktforsterking av den kommunale verksemda i Møre og Romsdal, konkretisert til fire faste kommuneregionar som grunnlag for samarbeid om teneste- og samfunnsutvikling.
Rapportens hovudkonklusjonar medfører først og fremst utfordringar for kommunane, som bør gå gjennom eigen sårbarheit og berekraft som generalistkommunar. Regionråda framstår som naturlege arenaer for å drøfte korleis grunnleggjande utfordringar skal møtast. Forslaga i rapporten utfordrar også statsforvaltaren, fylkeskommunen og dei andre regionale aktørane i fylket. På prioriterte tenesteområde kan det etablerast fylkesinitiativ med sikte på utvikling av fylkesdekkande samarbeid, til dømes innan barnevern, NAV, regionalt plankontor, felles økonomikontor eller felles tildelingskontor for helse- og omsorgstenester.
Geir Vinsand og NIVI Analyse meiner det er gode argument for samarbeid om inntil 20 prosent av kommunane sine kjerneoppgåver. Dei løftar fram ni tilrådde samarbeidsområde:
- Regionale IKT-organisasjonar
- Administrative støttefunksjonar
- Oppgåvefellesskap for tenesteutvikling
- Rekruttering og kompetanseutvikling
- Felles helse- og sosialtenester
- Pedagogisk utviklingssenter
- Regionalt plankontor
- Næring og innovasjon
- Beredskap og samfunnstryggleik
Venstre foreslo i budsjettdebatten at Haram kommune, i tett samarbeid med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, skal ta ei leiande rolle i utviklinga av det interkommunale samarbeidet på Nordre Sunnmøre. Formannskapet vil derfor etter jul diskutere om det skal bli ei eiga sak om ordføraren og kommunedirektøren skal ta initiativ for å samle Nordre Sunnmøre-kommunane for å legge ein planstrategi for korleis utvikle dei ni satsingsområda Statsforvaltaren i Møre og Romsdal tilrår interkommunalt samarbeid om.
Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre