Velkomen til årsmøte i Vestland Venstre

Venstre/Flikr

Årsmøtet vil finne stad på Bergen inkluderingssenter laurdag 18. og søndag 19. januar. På denne sida vil du etter kvart finne både praktisk informasjon og sakspapirer. 1. innkalling vart sendt ut til lokallagsleiarane 9. desember.

Stad: Bergen inkluderingssenter, Landåssvingen 15, 5096 Bergen
Tid: Laurdag 18. januar kl.12:00 (registrering og lunsj frå kl.11:00) og søndag 19. januar. Møteslutt søndag er seinast kl.16:00.

Stortingsvalprogram:

Årsmøtet skal i år behandle Venstres stortingsvalprogram for 2025-2029 og vedta kva for nokre endringsforslag som skal sendast frå Vestland Venstre til landsmøtet i Lillestrøm 7.-9. mars. Du kan sende inn endringsforslag ved å bruke dette skjemaet.

Frister:

  • Frist for forslag til vedtektsendringer er tysdag 17. desember.
  • Frist for forslag til stortingsvalprogrammet er satt til torsdag 9. januar.
  • Frist for forslag til politiske fråsegn og andre forslag er satt til torsdag 9. januar.
  • Frist for innsending av navn på delegater er satt til søndag 5. januar.

Spørsmål?

Kontakt oss på e-post [email protected].