Fylkesveg 5886 Hareid-Hjørungavåg og trafikktrygging

Illustrasjonfoto av veg
Foto: Pixaby
Tverrpolitisk samarbeid om trafikktrygging på dagsorden.
Medlemmane i Næring- og miljøutvalet (NMU) har sendt interpellasjon til kommunestyret torsdag 28.11. Interpellasjonen er ført i pennen av Annika.

Hareid 20. november 2024

Interpellasjon til Hareid kommunestyre

Vegvedlikehold er viktig for trafikktrygging. Det er eit ansvar både Hareid kommune har på sitt vegnett og Møre og Romsdal fylkeskommune har på sitt, som til dømes fylkesveg 5886 mellom Hareid sentrum og Hjørungavåg.

Fv. 5886 Hareid-Hjørungavåg har stor belastning dagleg, både av personbilar og tungtrafikk, noko som naturligvis fører til slitasje av vegen, og det merkast. Vegstrekninga har også toppa Statens Vegvesen sin ulukkesstatistikk for alvorlige ulukker.

Våre innbyggarar ferdast på vegen dagleg. Tida er overmoden for opprusting av vegen med nytt dekke. For betre trafikktrygging, bør også vegen utbetrast på spesielt tre punkt;

  • Overåsvingen, som er uoversiktleg og smal når ein brått møter store bilar. Her burde ein ta vekk noko av fjell og betra sikt på oppside av vegen.
  • Avkøyring Verkstadvegen
  • Avkøyringa til «verkstadområdet» utan avkøyringsfil i svingen.

På desse tre punkta er der også mest nestenuhell og uregistrerte mindre uhell som lett kunne fått større konsekvensar.

Sidan vegen er fylkesveg, kan ikkje Hareid kommune gjere noko vedtak om ei prioritering av oppgradering av vegen. Vi meiner difor vi bør sterkt oppmoda Møre og Romsdal fylkeskommune om å prioritere vegstrekninga for våren 2025.

Samtidig bør vi også minne våre nasjonale politikarar om det enorme etterslepet som er på vedlikehald av fylkesvegar, og underfinansieringa fylkeskommunane har frå Staten på denne posten.

Forslag til vedtak:
Hareid kommunestyre viser til det store behovet for oppgradering og utbetring av fv. 5886 Hareid-Hjørungavåg, og sender uttale til Møre og Romsdal fylkeskommune om oppmoding til prioritering av dette våren 2025.

Beste helsing

Annika Brandal, Venstre
Ståle Liavåg, INP
Thor Ove Rekdal Nedrelid, FoHar
Ivar Liaset, FoHar
Kai-Runar Svarstad, Ap
Jeanette Teigene, Frp

Wenche Johanne Holstad Jøsok (H), Steffen Nygård (uavh) og Harald Teigene (Frp) møtte også i NMU, og støttar også saka. Sidan dei er vara til KST, står ikkje som innsendarar.