Eit Folkebad/Badeland/Brattvåg svømmehall (kjært barn som har fått forandra namnet mange gonger av forkjemparane sine) vil bli eit pengesluk av dimensjonar og vil vere ein katastrofe for skule, oppvekst- og helse- og omsorgstenestene i Haram kommune.
Nokon forsøker å skjule den reelle prisen på Badelandet: Prisen er ikkje 162,5 millionar som det blir oppgitt i innlegga frå Haram Høgre og Haram Arbeidarparti for ei stund sidan. Allereie så langt tilbake som i 2021 skreiv ÅKE (Ålesund kommunale eigedomsselskap) ein pris på 213 millionar kroner. SSBs priskalkulator for byggekostnader for store bygg seier at 213 millionar i 2021 allereie har blitt 256 millionar i oktober 2024 – en prisstigning på 20,3%.
Dette tilseier at prisen vil ende opp langt over 300 millionar kroner når bygget skal realiserast i 2028 slik SP/AP/INP/SV vil.
Analysar tilseier driftsinntekter på dette badelandet på 2 til 3 millionar kroner, ikkje 7 til 8 millionar kroner som tidlegare oppgitt. Når ein i tillegg tek med, mykje høgare renter, sterkt auka straumprisar og annan prisauke, vil det eventuelt føre til eit årleg underskot på minimum 15-20 millionar kroner – noko som kommunen vil måtte ta frå budsjetta til mellom anna barnehagar, skular og helse og omsorg i alle år framover.
Vassverket gir ikkje ei krone – innbyggjarane gjer!
Det er i utgangspunktet positivt når Brattvåg Vassverk deltek med pengar i prosjektet, men det er ikkje det som faktisk skjer. Det ein faktisk gjer er å gå frå hus til hus i Brattvåg og krevje inn 1000 kr årleg i 15 år frå alle, uavhengig av inntekt.
Med andre ord bidrar åleineforeldre, minstepensjonistar og uføretrygda i Brattvåg like mykje som millionærane til ei bygning ein må betale for å få tilgang til. Det er uærleg å ikkje seie at pengane blir teke direkte frå folk sine lommebøker, ikkje frå ein reserve som allereie finst på Brattvåg vassverk si konto i dag.
Katastrofalt for kommunale tenester
Med eit underskot på minimum 15-20 millionar kroner pr år som må dekkast på driftsbudsjettet til Haram kommune blir eit Folkebad i Brattvåg sentrum ein katastrofe for dei kommunale tenestene. Dei minimum 15-20 millionar kronene pr år vil Haram Venstre heller bruke på skole og oppvekst- og helse og omsorgstenester.
Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre