Ein trygg skule for alle

Anne Marie Øvrevik, Foto: Guro Svenkerud Fresvik

Lesarinnlegg av: Anne Marie Øvrevik, Kvam Venstre

Publisert: Hordaland Folkeblad, 14.09.24

Me vil ha ein trygg skule for alle elevar, der alle kan lukkast med å nå sitt potensiale. Då må me forebygge utanforskap, mobbing og fråfall i skulane våre, både i grunnskule og i vidaregåande skule.

I Kvam har me gode planar og dyktige tilsette som legg forholda til rette for at alle skal oppleva ein trygg og god skule. Likevel har me gjennom år erfart at ikkje alle oplever å ha ein trygg skulegang. Kvar einskild sak er ei stor personleg tragedie og kan i verste fall føre til eit liv i utanforskap. Det har me ikkje råd til som samfunn.

Årsakssamanhengen kan vere samansett og skal me lukkast betre med å få fleire barn og unge gjennom skuleløpet er me nøydde til å ta nokre kraftige grep for å styrkja skulen. Kan me i Kvam vurdere å tilby noko av det dei har lukkast med andre stader i landet?

På Sollerudstranda skole i Oslo tilbyr dei praktisk tilrettelagt undervisning.

Her får elevar nullstille seg, får positive skuleopplevingar og vitnemål på lik linje med andre elevar i grunnskulen. På Sollerudstranda vel elevane seg eit prosjekt å delta i gjennom skuleåret. Nokon driv småbruk, nokon pussar opp båt, nokon fotograferer og andre igjen mekkar på motoriserte køyretøy. Gjennom dette praktiske arbeidet, akkompagnert av teori, tileignar elevane seg kunnskap og kompetanse som gjer dei rusta for å ta fatt på vidaregåande skule og vidare studiar eller yrkesfagleg utdanning.

For oss i Venstre er inkludering og forebygging av utenforskap heilt sentrale verdiar. Og me meiner det er essensielt at me som kommune gjer vår del av jobben med å forebygga. Det seiast at det krevs ein heil landsby for å oppdra eit barn, og me skal vera den landsbyen.

Frå og med august i år får elevane fleire rettar. Det er tatt inn i lova at fylkeskommunen skal syta for at elevar får ein trygg og god overgang frå grunnskulen til vidaregåande opplæring, og fylkeskommunen skal samarbeida med kommunen om dette. Me må vita meir om korleis me i Kvam bidreg inn i dette arbeidet. Elevar som strevar fagleg og ikkje har føresetnader for å fullføre vidaregåande skule skal få eit overgangstilbod. Me treng å vite meir om kor mange som treng dette i Kvam og kva me gjer for å støtte og rettleie elevane så dei får tilbodet. Kampen mot fråfall startar fyrste skuledag. Me må jobbe hardt for å nå målet om at 9 av 10 skal fullføre vidaregåande skule.