Nominasjonsnemnda i Sogn og Fjordane har no lagt fram innstillinga si til stortingslista for 2025. På førsteplass har nemnda føreslått Alfred Bjørlo som toppkandidat. På andreplass følgjer Gunhild Berge Stang og på tredjeplass Elias Slåtten. Den komplette lista består av 10 namn, som er ein kombinasjon av både erfarne kandidatar og nye stemmer, og som dekkar godt opp Venstres viktigste saker. Med denne lista er alle regionar representert.
Alfred Bjørlo er sitjande stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane Venstre. Bjørlo var ein opplagt førstekandidat for nominasjonsnemnda. Gjennom perioden på Stortinget har han vist stor arbeidskapasitet og er ei tydeleg stemme for Sogn og Fjordane og Vestland. Bjørlo har vore synleg i mediebiletet og ei sentral stemme innan næringspolitikk. Han har lang erfaring frå politikken, både som ordførar i Eid/Stad og som fylkespolitikar.
På andreplass finn vi Gunhild Berge Stang frå Fjaler. Stang er ein erfaren politikar, både lokalt og nasjonalt. Ho har tidlegare vore ordførar, gruppeleiar på fylkestinget, vara på Stortinget og statssekretær i Kulturdepartementet. Nominasjonsnemnda ser på Stang som ein god makker for Bjørlo fram mot valet, og etter.
Tredjekandidat Elias Slåtten frå Sunnfjord er Sogn og Fjordane Venstre sin ungdomskandidat. Slåtten er særleg oppteken av klima og miljø, økonomi og utanforskap. Han har stor arbeidskapasitet og ønskjer å delta aktivt i skulevalet ved sidan av valkampen. Nominasjonsnemnda er samde om at Slåtten er ein god kandidat til å representere både Sogn og Fjordane og ungdommen.
Blant resten av kandidatane på topp fem finn vi Jacob Nødseth frå Kinn og Janne Elin Alsaker frå Stryn. Jacob Nødseth på fjerdeplass er i dag leiar av hovudutval for kultur, idrett og inkludering i Vestland fylkeskommune, i tillegg til å ha lang erfaring som lokalpolitikar. Janne Elin Alsaker på femteplass er leiar for Vestland Venstrekvinnelag. Alsaker er også kommunestyrerepresentant i Stryn, og er oppteken av berekraftig reiseliv.
Nominasjonsnemnda har lagt vekt på å inkludere kandidatar frå heile valkrinsen for å sikre brei representasjon. Samstundes har nemnda fokusert på å få ei liste som speglar Venstres verdiar.
-Vi har sett saman eit vinnarlag, og ser fram til ein spanande valkamp, uttaler leiar av nominasjonsnemnda Jan Henrik Nygård.
Venstres stortingsliste i Sogn og Fjordane valkrins skal handsamast på nominasjonsmøtet 7. september i Førde. Det er nominasjonsmøtet som avgjer den endelege samansetninga av stortingslista.
Nominasjonsnemnda si innstilling er samrøystes.
Innstillinga i sin heilskap:
Plass | Namn | Født | Tilhøyrsel |
1 | Alfred Bjørlo | 1972 | Stad |
2 | Gunhild Berge Stang | 1974 | Fjaler |
3 | Elias Slåtten | 2001 | Sunnfjord / Unge Venstre |
4 | Jacob Nødseth | 1988 | Kinn |
5 | Janne Elin Alsaker | 1967 | Stryn |
6 | Terje Horvei | 1961 | Aurland |
7 | Anne Marit Seljeseth | 1986 | Kinn |
8 | Svein Olav Senneset | 1970 | Bremanger |
9 | Anita Otnheim Oddevik | 1970 | Stad |
10 | Atle Hamar | 1963 | Sunnfjord |
Henvendingar kring innstillinga kan rettast til nemndas leiar på e-post [email protected].
Nominasjonsnemnda har bestått av Anne Mette Hjelle, Trude Risnes, Gunvald Ludvigsen og Jan Henrik Nygård (leiar). I tillegg har Dina Bovim (Unge Venstre), Kristian Birkeland (Liberale Studenter) og Vigdis Tonning (Venstrekvinnelaget) hatt kvar sin faste plass i nemnda på vegne av sideorganisasjonane.