Sveinung Rotevatn innstilt toppkandidat for Venstre i Hordaland

Sveinung Rotevatn
Foto: Arild Danielsen

Nominasjonsnemnda i Hordaland har no lagt fram innstillinga si til stortingslista for 2025. På førsteplass har nemnda foreslått Sveinung Rotevatn som toppkandidat. På andreplass følgjer Ingrid Nergaard Fjeldstad og på tredjeplass Jens Håkon Slettemark Birkeland. Den komplette lista består av 22 namn, og er prega av god geografisk spreiing, samt ein kombinasjon av både erfarne og unge kandidatar.

Venstres nestleiar Sveinung Rotevatn har i fleire år vore ein av partiets fremste profilar, både som tidlegare statsråd og som sitjande stortingsrepresentant. Han har lang erfaring frå nasjonal politikk, og er ein av dei mest kjende politiske figurane i Hordaland. Rotevatn har vore sentral i arbeidet for klima og miljø, noko som held fram med å vera ei hjartesak for han i komande valkamp.

På andreplass finn vi Ingrid Nergaard Fjeldstad, som også har basen sin i Bergen. Fjeldstad har vore byråd for klima, miljø og byutvikling og medlem/varamedlem i Bergen sitt bystyre frå 2015. Ho har eit stort engasjement for grøne og gode lokalsamfunn, og at Vestland må lykkast i det grøne skiftet. Fjeldstad er jurist, og har jobba i skatteforvaltninga i over ti år.

Tredjekandidat Jens Håkon Slettemark Birkeland frå Voss representerer Unge Venstre og bringar ungdomsperspektivet inn i toppen av lista. Birkeland har tidlegare vore 2. nestleiar i Unge Venstre, og har jobba som praktikant i Venstres stortinggruppe. Han var Venstres ordførarkandidat på Voss ved førre lokalval, og sit i dag som nestleiar i kontrollutvalet. Birkeland studerer samanliknande politikk ved UiB og Sciences Po, og har tidlegare studert russisk.

Blant resten av kandidatane på topp fem finn vi Synnøve Handeland frå Kvinnherad og Miriam Louise Seim frå Alver. Synnøve Handeland på fjerdeplass har tidlegare vore varaordførar i Kvinnherad og fylkesleiar i Hordaland, og kan skilte med ei brei erfaring frå næringslivet. Miriam Louise Seim på femteplass er rådgjevar i Venstres stortingsgruppe og Venstres hovedorganisasjon, og har tidlegare jobba som politisk rådgjevar for finansbyråden i Bergen.

Nominasjonsnemnda har lagt vekt på å inkludere kandidatar frå heile valkrinsen for å sikra ein brei representasjon. Samtidig har nemnda fokusert på å få ei liste som speglar Venstres verdiar.

– Vi er veldig stolte av denne lista, som viser breidda i Hordaland Venstre. Vi har både erfarne politikarar som har vore synlege nasjonalt, og dessutan unge og framstormande talent som vi trur vil bidra til å løfte Venstre i fylket. Partiet har mange dyktige kvinner, og dette er spegla att i innstillinga frå nemnda. Dette er ei liste som kan bidra til å sikre Venstre solid representasjon på Stortinget, uttaler leiar av nominasjonsnemnda Ole Martini.

Venstres stortingsliste i Hordaland valkrins skal handsamast på nominasjonsmøtet 7. september på Vestlandshuset. Det er nominasjonsmøtet som avgjer den endelege samansetninga av stortingslista.

Nominasjonsnemnda si innstilling er samrøystes lagt fram.

Innstillinga i sin heilskap:

Plass Namn Født Tilhøyrsel
1 Sveinung Rotevatn 1987 Bergen
2 Ingrid Nergaard Fjeldstad 1983 Bergen
3 Jens Håkon Slettemark Birkeland 1999 Voss / Ungdomskandidat
4 Synnøve Handeland 1968 Kvinnherad
5 Miriam Louise Seim 1995 Alver
6 Åsta Årøen 1971 Bergen
7 Thea Moen Flølo 2004 Bergen
8 Ole Reinert Berg-Olsen 1982 Bjørnafjorden
9 Guro Svenkerud Fresvik 1981 Ullensvang
10 Renathe Tangen 1986 Osterøy
11 Tor-André Malnes Femtehjel 1977 Bergen
12 Merethe Reksten Hopland 1991 Askøy
13 Bernhard Endseth Nerland 1987 Sveio
14 Ingrid Sponheim 1985 Ulvik
15 Elin Seim 1981 Voss
16 Heine Johansen 1985 Bergen
17 Amund Hannevik 1999 Bergen
18 Toril Eidesvik 1968 Bergen
19 Vanja Espeland 1974 Bømlo
20 Gunn Vivian Eide 1964 Bergen
21 Kari Østervold Toft 1955 Øygarden
22 Geir Kjell Andersland 1948 Bergen

Henvendingar kring innstillinga kan rettast til nemndas leiar på e-post [email protected].

Nominasjonsnemnda har bestått av Alf Helge Greaker, Grete Line Simonsen, Per Magne Wilhelmsen, Kjersti Ingolvsdotter Vevatne og Ole Martini (leiar). I tillegg har Unge Venstre, Liberale Studenter og Venstrekvinnelaget hatt kvar sin faste plass i nemnda.