Hareid kommune som regnbogekommune

Foto: Annika Brandal

Interpellasjon til kommunestyret 20.06.2024

I 2018 blei Bygdepride arrangert for første gong. Det som starta som ein tanke om ein liten lokal pride-festival skulle straks vise seg å ha ein meir nasjonal appell – og vere uttrykk for kjensler endå fleire sat inne med.

Pride bevegelsen stammar fra Stonewall-opprøret i New York City i 1969, og som av mange vert rekna som starten på den moderne skeive bevegelsen.

Arbeidsområdet til Bygdepride er Søre Sunnmøre og Nordfjord, med arrangement som skal bidra til synlegheit og vise respekt for alle legningar og kjærleik uansett. I år var det arrangement i fire kommunar. I 2025 håper styret å få med seg fleire samarbeidspartar slik det vert arrangement i alle kommunane.

Det er viktig med synlegheit også i 2024. Vi ser ei urovekkande oppblomstring av motstand mot skeive og det er innført LHBT-frie soner i land i Europa.

Vi kan nok ikkje drive med utanrikspolitikk i Hareid. Men også vi kan bidra til synlegheit, respekt og seie tydeleg i frå om korleis våre innbyggarar skal ha det i Hareid.

Vi ynskjer å gi eit tydeleg motsvar til den negative utviklinga og ønsker å gi tydeleg synlegheit til det skeive miljøet også i 2024. Difor ynskjer vi å erklære Hareid kommune som ein regnbogekommune der personar av alle kjønn og seksuelle orienteringar er velkomne.

Hareid kommune har både vore representert av ordførar/varaordførar i paraden og flagga på paradedagen enkelte år. Vi ynskjer at dette skal vere eit fast innslag kvart år.

Hareid kommune rommar menneske frå alle samfunnslag, verdsdelar og aldersgrupper. Då er det spesielt viktig å jobbe for å bygge bruer mellom kvarandre og vere opne og inkluderande. Dette er ein innsats som kvar og ein av oss må ta ansvar for, og må gjerast av den enkelte arbeidsplass, i skulegarden, på fritida og elles i livet – kvar einaste dag. I møte med mørke krefter som utfordrar menneskeverd og grunnleggande menneskerettar er det viktig å vere tydeleg.

Dei lokale lovendringane i bl.a. Polen er eit kaldt, skremmande gufs frå fortida, og representerer haldningar vi må kjempe imot. Det handlar ikkje berre om nasjonal politikk og lovverk, men også om lokal innsats for å bekjempe hatkriminalitet, diskriminering og fordommar. Då må vi som politikarar ta ansvar for at kommunen har arenaer der ein møtes og blir kjent med kvarandre på tvers av bakgrunn, identitet, seksuell orientering og sosial status.

Forslag til vedtak:
• Hareid kommune skal vere ein kommune for alle – uavhengig av kjønn, religion, seksuell orientering, funksjonsevne, etnisitet og sosial bakgrunn
• Hareid kommune skal vere ein kommune utan diskriminering
• Kommunen skal flagge regnbogeflagget under Bygdepride-veka.
• Kommunen vil støtte tiltak som bygg bruer mellom ulike grupper i Hareid
• Kommunen vil sørge for at born i Hareid lærer om likeverd, menneskerettar og anti-diskriminering så tidleg som mogleg.
• Hareid kommune skal bidra til synleggjering av det skeive miljøet og profilere seg som ei LHBTIQ+–vennleg kommune.
• Hareid kommune skal jobbe for å skape større tryggleik for minoritetar som bryt med normer for kjønn, kjønnsuttrykk og seksualitet

Interpellasjonen er innsendt av

Annika Brandal, Venstre
Jeanette Teigene, Frp
Ole Frank Bakken, Høgre