Kommunen kan ikkje aleine bære dei høge forventningane som ein stadig eldre befolkning vil ha til det offentlege tenestetilbodet. Kommunen må i større grad enn i dag skilje mellom helsetenester og omsorgstenester. Sistnemnde må private og frivillige i større grad enn i dag ta seg av.
Alle som treng omsorg, skal få høve til å bu heime så lenge som mogleg. Eigen bustad og eit tenestetilbod som er tilpassa individuelle behov, gir tryggleik og vil redusere behovet for institusjonsplassar.
Eldre må i langt større grad få høve til å ha innflytelse på innhaldet i tenestene dei får frå det offentlege. I tillegg til å arbeide for nok og gode sjukeheimsplassar, må det etablerast alders-/seniorheim og fleire omsorgsbustader for dei som treng eit mindre pleieintensivt tilbod.
Eldre er like individuelle som alle andre.
Haram Venstre vil derfor be kommunedirektøren undersøke om det er mogleg å bygge om Lepsøy, Flem, Vatne og Tennfjord skule til omsorgsbustader med eit naturleg aktivitetssenter for eldre i dei noverande spesialromma på skulen, herunder satse på velferdstilbod til seniorar som «Den kulturelle spaserstokken», senioruniversitetet og å støtte opp om frivillige organisasjonar som organiserer aktivitetar for eldre.
Parallelt vil Venstre at det i eit offentleg/privat samarbeid byggjast 80 seniorbustader fordelt utover kommunen men samla på kvar stad, og opprette eiga omsorgstrapp for Nordøyane slik at dei næraste og kjære kan besøke sine utan å betale skjorta for å kome seg gjennom bommene.
Christian Holstad Lilleng
Haram Venstre