Satsar på ei grøn omstilling i havbruksnæringa
I år gjekk miljøprisen til Eide Fjordbruk AS som held til i Bjørnafjorden. Prisen vart delt ut av stortingsrepresentant for Hordaland og nestleiar i Venstre, Sveinung Rotevatn..
-Havbruksnæringa skapar store verdiar, men skal vidare vekst vere mogleg må ein løyse miljøutfordringane rundt lus og rømming. Eide fjordbruk tar dette på alvor, og har vist både stor risikovilje og miljøengasjement gjennom sitt arbeid med lukka merder, seier Rotevatn.
Eide Fjordbruk får miljøprisen på bakgrunn av sitt mangeårige engasjement. Dei har gått i bresjen for å utvikle ny, lukka nullutsleppsteknologi for havbruket. Eide Fjordbruk har spelt ei viktig rolle for å få fart på miljø- og teknologiomstillinga i havbruksnæringa.
Det er med stor glede at Vestland Venstre tildele prisen til ei bedrift som har jobba hardt med teknologiutvikling, samstundes som dei stiller krav i den offentlege debatten til politisk handlekraft for å miljøomstille havbruksnæringa.
Ein takksam vinnar
Dagleg leiar i Eide Fjordbruk, Sondre Eide, synast det var stas å få tildelt miljøprisen.
-Eg er så stolt over den gjengen som arbeider hos oss, frå merdkanten til teiknebrettet, og ingenting av det vi har oppnådd til no hadde vore mogleg utan folka i Eide. Denne prisen vil gje oss ein vitamininnsprøyting til å jobbe vidare. For det er ingen tvil: Skal vi lukkast med omstillinga i næringa, så må det satsast på lukka teknologi i sjø, slik at vi kan konvertere alle lokalitetane våre, seier Eide
Med på utdelinga var Jens Håkon Birkeland som er nestleiar i Vestland Venstre.
-Det er kjekt å kunne dela ut miljøprisen til nokon som står i bresjen for å utvikle ny teknologi som bidreg til at me kan nå klimamåla våre. Venstre heiar på dei som tørr å satse sjølv, og særleg dei som satsar for grøn omstilling, seier Birkeland.
Vestland Venstre takkar og ønskjer Eide Fjordbruk lukke til med viktig samfunnsinnsats framover.
Prisen er ein diplom og blomar.