Eit program for framtida
– Vi står overfor store utfordringar i åra som kjem, både når det gjeld klima, natur og økonomisk omstilling. Dette programmet er vår plan for korleis vi skal møte desse utfordringane og ta Noreg framover,” seier Rotevatn. Han understrekar at programmet er bygd på liberale verdiar og eit ønske om å gje alle menneske meir fridom og fleire moglegheiter.
Klima og miljø i fokus
Ein av dei mest sentrale delane av programmet handlar om klima- og naturkrisa. – Klimaendringane og tap av biologisk mangfald er dei største truslane vi står overfor.
Venstre har sett seg ambisiøse mål om å kutte Noregs klimagassutslepp med 55 % innan 2030 og 95 % innan 2050. Dette skal vi oppnå gjennom ein kombinasjon av teknologiutvikling, økonomiske insentiv og strengare reguleringar, forklarer Rotevatn.
– Vi har også levert eit forslag med ei rekke politiske forslag for å ta betre vare på naturen vår og hindre nedbygging. Mellom anna føresler vi eit «strandsonevern» for å hindre ukontrollert bygging av hytter i fjellheimen.
Utdanning og kunnskap
Venstre vil òg satse tungt på utdanning og kunnskap.
– Vi meiner at kunnskap gjev fridom, både for individet og samfunnet. Difor vil vi sikre at alle barn og unge får ein god oppvekst og utdanning uavhengig av bakgrunn. Gode lærarar er nøkkelen til dette, og vi vil difor satse på lærarane og sørge for at dei får den støtta og kompetansehevinga dei treng, seier Rotevatn.
– I tillegg ønsker vi ei endring av eksamensmodellen i vidaregåande skule. Vi føresler meir modulbasert undervisning, det vil seie at ein har færre fag på ein gong, slik at ein får meir dybdelæring og eit høgare læringstrykk, og at ein avsluttar alle fag med eksamen i tillegg til standpunktkarakter, i staden for dagens urettferdige og tilfeldig trekkmodell.
Ny skattepolitikk
Gjennom den siste fireårsperioden har regjeringa stramma til skatteskruen kraftig for norsk næringsliv, noko som har ført til at mange med kapital har vald å forlate landet.
– Venstre er sterkt uroa for den investeringsnedgangen vi no ser i norsk næringsliv, og meiner regjeringa sine skatteaukar har vore djupt skadelege. Vi føresler å fjerne formuesskatten på arbeidande kapital, og delvis kompensere inntektsbortfallet med ein auke i selskapsskatten, høgare miljøavgifter og å oppretthalde grunnrenteskatten på havbruk. Vi håpar ei slik skatteveksling kan gjenoppbygge tilliten til norsk politikk frå eit næringsliv som no er i opprørsstemning.
Internasjonalt samarbeid og solidaritet
I ei tid der liberale verdiar er under press internasjonalt, står Venstre fast ved viktigheita av internasjonalt samarbeid.
Fridomen er under angrep frå diktatorar og tyrannar, ikkje minst i Ukraina, og vi må stå saman for å forsvare demokrati og menneskerettar. Vi må styrke forsvaret her heime.
Og så må vi vere ein pådrivar for internasjonalt samarbeid og solidaritet, og vi vil bidra aktivt til å løyse globale utfordringar, understrekar Rotevatn, som lovar at Venstre vil presse på for å søke norsk EU-medlemskap.
Venstre tek Noreg framover
Rotevatn avsluttar med ei oppmoding til alle som deler Venstres verdiar om å engasjere seg.
– Dette programmet er ikkje berre eit dokument – det er ein visjon for korleis vi kan gjere Noreg til ein betre stad for alle. Vi inviterer alle til å delta i denne prosessen og bidra med sine innspel til førsteutkastet, og så vil vi ta høgde for desse når vi kjem med vårt endelege utkast i november. Saman tar vi Noreg framover, seier han.
Send ditt innspill
Sjemaet er ope for tilbakemeldingar fram til 24. september 2024 klokka 23:59. Alle innsendte forslag vil bli vurderte av programkomiteen, som deretter vil utarbeide eit nytt endeleg forslag innan 10. november 2024. Dette endelege forslaget vil så bli behandla i fylkesårsmøta og vedtatt endeleg av Venstres landsmøte 7.-9. mars 2025.