Kvart år delar Vestland Venstre ut ein miljøpris til nokon i fylket som har utmerka seg som forkjemparar for miljøet det siste året. Dette er ein årleg tradisjon ein kan sjå tilbake i både Hordaland og Sogn og Fjordane.
Styret i Vestland Venstre ønskjer å fortsetje tradisjonen og inviterer medlemmene til å kome med framlegg på verdige kandidatar for 2024.
Prisen kan gå til ein person, ei bedrift, ein organisasjon eller ei aksjonsgruppe.
Fylkesstyret er jury for kåringa og prisen vil bli delt ut på verdas miljødag 5.juni 2024.
Framlegg på kandidatar kan sendas i innspelsskjemaet eller på e-postadresse: [email protected]
Frist er 28. mai.
Tidlegare vinnarar av Vestland Venstre sin Miljøpris:
2021: Liegruppen
2020: Evoy AS
Tidlegare vinnarar av Hordalan Venstre sin Miljøpris:
2019: Bysykkelen «Ruben»
2018: Eidesvik Offshore ASA
2017: Forskarar ved UiB (dei med «plasthvalen»)
2016: Lund Hovedgård AS Bioretur
2015: Bærekraftige liv på Landås
2014: Bildeleringen i Bergen
2013: Besteforeldrenes Klimaaksjon
2012: Bedrifta Bergen Engines AS
2011: Bedrifta Den Grønne Sykkel
2010: Ungdomsråda i Granvin og Ulvik
2009: M/S Snarveien
Tidlegare vinnarar av Sogn og Fjordane Venstre sin Miljøpris:
2019: Lefdal Mine
2018: Fjord1
2017: Nekst AS
2016: Lefdal Mine Datacenter
2015: Nor Tekstil AS
2014: Sogn jord- og hagebruksskule
2013: Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe