– Venstre sitt utgangspunkt er at vi vil stille oss bak ein framforhandla avtale i Stortinget. Venstre ønskjer å unngå at dei radikale venstresidepartia SV og Rødt får halde fram med å piske opp uro og pessimisme i landbruket gjennom stadige omkampar om talgrunnlaget, men at vi i staden finn gode og balanserte løysingar «over midtstreken» i norsk politikk – bygd på det nye talgrunnlaget regjeringa har lagt fram, fortel Bjørlo.
– Eg vil likevel ta atterhald om at den framforhandla avtalen er i tråd med den nye retninga for landbrukspolitikken som Stortinget slo fast i vedtaka knytt til Sjølvforsyningsmeldinga, mellom anna om ei vridning over til meir plantebasert produksjon og klimakutt i tråd med Klimaavtalen inngått mellom staten og landbruksorganisasjonane, legg Bjørlo til.
– Dersom det syner seg at desse premissa er oppfylt, vil Venstre støtte den framforhandla avtalen i Stortinget, avsluttar han.
Avtalen skal no vidare til Stortinget for behandling.