Vestland Venstre har tilsett fylkessekretær

Foto: Celina Christoffersen

Vestland Venstre har tilsett Sondre Undheim Lokøy som fylkessekretær i ei 20% stilling.

1.mai gjekk Sondre Undheim Lokøy inn i ei 20% stilling som fylkessekretær for Vestland Venstre. Som fylkessekretær vil hovudoppgåvane hans vere å føre rekneskap, følgje opp lokallag, bistå nominasjonsnemndene, vere med å planleggje arrangement, nettside og andre organisatoriske gjeremål fram mot stortingsvalet i 2025.

Sondre jobbar til dagleg 50% i Venstres Hovedorganisasjon(VHO), og det er gjennom VHO at Vestland Venstre har kjøpt fylkessekretærtenesta. Ved sidan av å vere fylkessekretær studerar han kommunikasjon.

Han har tidlegare erfaring som fylkessekretær i Rogaland Venstre og deretter i Venstres Hovedorganisasjon.

Treng ditt lokallag hjelp med noko, eller har spørsmål er det berre å ta kontakt med Sondre. Han hjelper gjerne til!

Kontaktinformasjon:

E-post: [email protected]

Telefon: 415 90 908