– Eg og Venstre er svært glade for at det no er landa ei brei politisk semje om rammevilkåra for fiskerinæringa og fordeling av kvoter mellom fartøygrupper. Eg vil berømme Norges Fiskarlag og andre organisasjonar i fiskerinæringa for arbeidet dei har gjort med å finne samlande løysingar, og godt samspel med det politiske miljøet om å få desse på plass. Fiskerinæringa har søkt samarbeid og dialog, ikkje utskjelling og mistenkeleggjering av forsøk på å finne breie politisk kompromiss.
Bjørlo er spesielt glad for at Stortinget har blitt enige om løsninger som sikrer ressursgrunnlaget og arbeidsplassene i havfiskeflåten, som står i motsetning til regjeringens opprinnelige forslag. Samtidig styrker forlikspartiene ressursgrunnlaget for den minste kystflåten.
– Her vil eg særskilt peike på at vi no er samde om at det er havfiskeflåten som skal nytte Noreg sine tredjelandskvoter i andre land sine soner, og at dei konvensjonelle havfiskefartøya blir haldne utanfor den interne omfordelinga av kvoter mellom store og små fartøy i kystfiskeflåten.
Venstre har vært opptatt av å legge til rette for mer bearbeiding og verdiskaping på land i Norge av fisk som landes i norske farvann. Her tas det noen små skritt videre i enigheten, men dette er noe som blir viktig for Venstre å følge opp videre. Ikke minst er en mer åpen handelspolitikk og tettere tilknytning til EU viktig for å sikre mer videreforedling i Norge.
– Heilt til slutt vil eg seie at fiskerinæringa er etter Venstre sitt syn ei sterkt undervurdert næring i dei politiske diskusjonane om kva næringar vi skal leve av i framtida. Fiskerinæringa skaper aktivitet og mange arbeidsplassar over nesten heile landet. Det er ei berekraftig og lønsam distriktsnæring som «står på eigne bein» og samtidig skaffar Noreg enorme eksportinntekter utan å trenge omfattande susbidiar frå statskassa – og det er ei næring som enno har ei stort uforløyst potensiale i form av auka bearbeiding og verdiskaping frå dei fantastiske råvarene fisk og sjømat er.
– Eg og Venstre ser fram til å arbeide saman med fiskerinæringa i åra framover for å gjere næringa endå større, meir lønsam, grøn og berekraftig.