NRK har nyleg kartlagt 44.000 små og større naturinngrep i Noreg – på berre fem år. Kvar for seg er dei ikkje nødvendigvis så omfattande. Men kven ser heilskapen? Det er også fleire kommunar som har utdaterte arealplanar, og då kan det bli lett å ty til dispensasjonar.
Resultatet er at fleire dyre- og planteartar og naturtypar er truga. Dette gjeld både på land og i sjø. Det største trugsmålet er at leveområda går tapt ved nedbygging eller endra bruk,
Det krev sterke tiltak for å snu denne utviklinga, men det bør ikkje vere nokon motsetnad mellom den lokale sjølvråderetten og målet om å ta vare på naturen. Vi må få mindre nedbygging av natur og vi må restaurera areal som alt er nedbygde.
Då er det viktig at både fagfolk og politikarar får god kunnskap og fokus på arealnøytralitet. Kommunane må prioritere å oppdatere planane sine, og staten må komme med tydelegare føringar om arealnøytralitet. Bruken av naturen må skje innan ei berekraftig ramme, og meir av den mest verdfulle naturen både i sjø og på land må vernast.
Kommunane har ofte ikkje oversikta som trengs eller verktøya som er naudsynt for å fatte avgjersler som får konsekvensar langt utover eigne kommunegrenser.
Eit berekraftig lokalsamfunn inneber at vi må ta vare på noko av dei aller viktigaste verdiane vi har. Det gjeld å sikre at både noverande og framtidige generasjonar kan nyte godt av dei same verdiane.
15.februar i år la Statsforvaltaren i Møre og Romsdal ut forslag om åtte nye naturreservat og eit utvida med frist 15.april for fråsegn. Eit av desse er Grøtsura ved Vatne her i Haram kommune.
I utreiinga står det mellom anna:
«Skogen er i god utvikling med element av rikare hasselkratt og daud ved. Områdevern inneber at habitat til fugl og fauna også blir tatt vare på med dei økologiske prosessane og funksjonane det har i dag. Det er ei målsetting å behalde verneverdiane i mest mogleg urørt tilstand, og eventuelt vidareutvikle dei.
Delar av skogen står på høg bonitet i sørboreal sone. Området har særskilt betyding for biolgisk mangfald grunna fuktkrevande lavartar, gamle store tre og lite menneskeleg påverknad.»
Utgreiinga legg spesielt vekt på at det er 150 daa med rik edellauvskog i området.
Venstre vil derfor be planutvalget i Haram kommunestyre å gjere følgjande vedtak:
Haram kommunestyres planutvalg støtter forslag til vedtak om «Forskrift om vern av Grøtsura naturreservat, Haram kommune, Møre og Romsdal», fastsett ved kongeleg resolusjon [dato] med heimel i lov 19. juni 2009 nr. 100 om forvaltning av naturens mangfald (naturmangfaldlova) § 34 og § 62 [og § 77]. Fremja av Klima- og miljødepartementet.