Barn døyr av underernæring og dehydrering medan vi set her i trygge Noreg.
Israel hindrar trailerar med hjelpesendingane å sleppe inn med mat og vatn.
Sist torsdag skjedde ei forferdeleg hending der 112 palestinarar mista livet og 760 blei såra. Dei var desperate sivile som venta på ein av få konvoiar som hjelpeorganisasjonar har fått gjennom sperringane. Eit umenneskeleg åttak på uskuldige menneske i matkø.
Det kan sjå ut som at Israel vel å svelte innbyggjarane i Gaza med vilje. Det er hungersnaud som vil ramme minst ein halv million menneske.
Samstundes som eit av seks barn i Nord-Gaza er utsett for akutt underernæring, viser det seg at det er store vanskar med å få inn forsyningar.
USAID uttalar at Israel må opne fleire portar for naudhjelp og at det trengst voldsom auke i livsviktig humanitær bistand.
No må verdssamfunnet stå samla for å stoppe lovlause tilstandar i Gaza!
Ørsta 02.03.24
Fylkesårsmøte i Møre og Romsdal Venstre