Venstre sin representant i Kommunestyret Sissel Urke, valgte å stille seg bak SV sitt forslag om å stoppe detaljreguleringsplanen for Rosengardshovda i møtet 15.11. Bakgrunnen for dette kan oppsummerast i 3 punkt:
- Føre var prinsippet. Rapporten frå naturkartlegginga viser at til tross for at det er avsett omsynssoner rundt sårbar natur som myr, er det stor usikkerthet om byggeaktivitet vil påverke tilførsel av grunnvann til myra, som den er avhengig av. Det blir og slått fast at samla belastning med tanke på omfanget vil kunne gi vesentlige følger for naturmangfoldet.
2. Reguleringa fører til nedbygging av meir urørt natur i overgangssona inn mot snaufjell. Omsynet til urørt natur er særlig vektlagt i naturavtalen som Noreg har forplikta seg til.
3. Vi skal igang med rullering av områder avsett til fritidsformål i arealplanen snart. Fleire parti, derimellom Venstre, har snakka varmt om planvask. Noverande arealplan er vedtatt i 2010, delplanen for Primhovda er fra 2007. Mykje har skjedd på kunnskapsfronten desse åra. Å vedta ein so omfattande plan no meiner vi er uheldig, og vil heller sjå dette området i samanheng med heilskapen i arealplanen når arealplanen kjem til behandling.
Venstre trur at vi vil tene på å tenke nytt rundt utbygging for friluftsformål. Vi har allereie ein tometreserve på 1200 tomter, og det er etter Venstre sitt syn naudsynt med ein gjennomgang basert på dagens kunnskap. Vi må stille oss spørsmålet om ikkje dei store utbyggingane si tid er over. Konsekvenser av større utbyggingar som denne ser ein tydelig her, ved at t.d. fleire områder for rik myr blir hensynstatt med hensynssoner, men der konsekvensane for korleis den totale utbygginga vil påverke myra er høgst usikker. Ved å sjå arealplanen i heilskap vil ein kunne vurdere kor det er mest hensiktsmessig å bygge ut, og legge til rette for mindre utbyggingsområder der det høver mht naturverdiar og inn mot allereie eksisterande infrastruktur. Det vil etter Venstre sitt syn lettare tilgodesjå lokale bedrifter som vil gi større lokal verdiskaping.