Oppvekst 2030

15.11 gikk eit einstemmig kommunestyret inn for Venstre sitt forslag i Sektorutval for kultur og oppvekst om å arbeide vidare med rapporten og høyringsforslaga i prosjekt Oppvekst 2030, med mål om endelig politisk behandling våren 2024. I Suko- møtet i 26. september fekk Sissel Urke, frå Venstre, heile utvalet med på å einstemmig gå inn for ei alternativ innstilling til Kommunestyret.

Etter Venstre sitt syn fortener materialet å bli knadd betre både for å sikre større eigarskap til prosessen i sektoren, og dermed betre forankring hos foreldre, elevar og tilsette. «Det vil og gi den nye oppvekstsjefen høve til å sette sitt preg på arbeidet», seier Sissel Urke, som var Venstre sin representant i Sektorutvalet sist periode. No ynskjer ho Ingvild Kringlebotten Stautland lykke til med arbeidet som ny representant for Venstre «i det mest spennende utvalet denne perioden».

Skoleelev som rekker opp hånden
Venstre vil prioritere oppveksten i Ål

Vedtaket ser slik ut:

Kommunestyret ber administrasjonen jobbe vidare med innspela frå arbeidet vist til i rapporten «Oppvekstsektoren i Ål fram mot 2030» og høyringsinnspela som har kome til, og legge saka fram for politisk handsaming på nytt våren 2024.
Mål og plan for arbeidet med leik og læring, sosial meistring, fagleg utvikling, best nytting av ressursar og organisering, og korleis ein kan nytte fagkompetansen og hjelpeinstansane optimalt i oppvekstsektoren må konkretiserast.
Ein langsiktig plan for skulestruktur skal konkretisere behov og moglegheiter i eksisterande bygningsmasse, og eventuelle behov for tilbygg/ nybygg.

 

 

Planen skal mellom anna inkludere:
• tilgang til alternative læringsarenaer
• auka fokus på praktisk læring både inne og ute

SFO- tilbodet

• skulebibliotek
• tilbod til framandspråklege elevar
• Arbeidsplass for personalet

Les heile Sissel sitt innlegg i kommunestyret her:

«Aller først vil eg takke prosjektgruppa, referansegruppa, arbeidsgruppa og dei mange deltakarane i prosjektet for eit stort arbeid med mange involverte, det vere seg elevar, føresette, administrasjon og tilsette. I tillegg til mange gode innspel i høyringsrunden. Til tross for at prosjektet har hatt utfordringar, er det eit stort og viktig arbeid som er igangsett.

Undervegs har eg hatt gleda av å vere med i gode diskusjonar og refleksjonar i foreldregrupper, og i ansettegrupper der tankar og entusiasme om den gode skulen på Ål har blitt delt. Tankar om meir praksisorientering, meir bruk at alternative læringsarenaer ma uterommet var sentralt. Diskusjonane gikk og om kva som ville tene elevane best i framtida, fortsatt småskular med nærleik til bygdene eller samle alle på ein fellesskule. Utfordrande, men naudsynte spørsmål etter Venstre sitt syn. Mange gode initiativ og endra praksis har komme ut av dette arbeidet i skulane og i barnehagane.

Samtidig er eg glad for at Venstre fekk eit enstemming Suko med på ei alternativt innstilling i oppvekst 2030. Etter tilbakemeldingar frå deltakarar i prosessen og dei mange høyringsinnspela meiner vi at materialet hadde godt av å bli knadd enno betre og at forslaget til vedtak i for liten grad reflekterte breidda i prosjektet.

Som i landet elles har vi nye utfordringar i skulen i dag, mangel på kvalifiserte lærarar, med elevar som ikkje finn seg til rette, mobbing og utenforskap. Språkmangfoldet er stort, elevar kjem inn i skulane våre utan å snakke norsk, noko som stiller store krav til korleis vi arbeider med inkludering?

Desse utfordringane handler like mykje om endringar i samfunnet som i skulen. Noko må adresserast på eit anna politisk nivå, men vi må sjå på korleis vi i vår kommune skal møte desse utfordringane. Vi kan ikkje akseptere at fleire og fleire ikkje lukkast og mistar gleden over å lære. Dersom vi har ein skule som ikkje passar til elevane, må vi gjere noko med skulen.

Noko av svaret ligg i rapporten frå oppvekst 2030, vi skal jobbe styrkebasert og gjennom det la alle ungar oppleve læringsglede og mestring ut i frå sine foresetnader. Men vi må kanskje tenke nytt også om korleis vi organiserer oss, korleis vi organiserer laget rundt barna og korleis vi brukar det fysiske miljøet for at alle skal få den utvikla dei treng.

Eg har og ei bekymring for korleis vi legg til rette for at ledarane våre kan stå i jobben over tid, dei er sentrale for all utvikling.

Venstre håper at vi kan bruke dette ekstra året på og utforske handlingsrommet vi har, kanskje er det nettopp ÅL som kan våge å tenke heilt nytt om korleis oppvekst og skule kan sjå ut i ein arealmessig stor distriktskommune? Samfunnsendringene rammar mange, men vi har ressursane og handlingsrommet no til å ta tak. Og kanskje kan oppvekstkommunen ÅL utløyste midler til pilotering på ein ny veg å tenke skule og oppvekst på?

Eg vil oppfordre alle til å stemme for innstillinga frå formannskapet og samtidig ynskje oss alle lykke til med å sette oppvekst i sentrum.»