– No må alle klutar setjast inn på å ta igjen vedlikhaldsetterslepet på fylkesvegane. Det hastar med å få ein standard på vegnettet i distrikta som gjer det trygt og enkelt å ferdast i kvardagen. Difor foreslår Venstre no eit milliardløft for fylkesvegane. Det seier Venstre sin stortingsrepresentant Alfred Bjørlo, i samband med at Venstre legg fram sitt alternative statsbudsjett for 2024.
– Det er uforståeleg og heilt feil prioritering at regjeringa vil bruke milliardbeløp på å splitte opp fylke og kommunar og å kutte prisane på ferjer, samtidig som fylkesvegnettet forfell og mange stader er livsfarleg å ferdast på. Politikk er å prioritere. Venstre vil heller bruke pengane på tryggare vegar i distrikta enn reversering av gamle fylke, kommuner og lensmannskontor, seier Alfred Bjørlo.
Venstre foreslår også i sitt alternative statsbudsjett 100 millionar kroner meir til breiband i distrikta, kutt i formuesskatten for distrikts-næringslivet og går mot regjeringa sitt forslag om å legge ned dei regionale forskingsfonda, som er særleg viktige i distrikts-Norg.
– Å legge betre til rette for framtidas næringsliv med eit sterkt lokalt eigarskap og tett kontakt med forskingsmiljøa våre, er heilt avgjerande for at folk skal velje å bu og leve i distrikts-Noreg. Ei regjering som skattar i hel distrikts-næringslivet, er inga regjering som er bra for distrikts-Noreg, seier Alfred Bjørlo.