Haram Venstre ønskjer fleire faste utval

Industrikommunen Haram. Det var det Haram kommune var kjent som når eg kom oppover i 2012. Ifølge tall Norsk Industri hadde satt saman då, var Haram den største industrikommunen i Møre og Romsdal, målt etter industribedrifter.

Denne plassen konkurrerte Haram med Ulstein om. Haram plasserte seg som nummer 24 blant dei store industrikommunane i Noreg, med Molde og Ulstein like etter. I dag, i 2023, har ikkje kommunen ein gong eit eige fast utval for næringslivet.

«Haramsskulen skal skinne» og «Haramselevene skal få ein skole barna fortener» var mantraene i valkampen. I dag er det ingenting som tyder på at vi skal ta dette på alvor, for vi har ikkje eingong eit fast utval for skole og oppvekst.

Slik kan eg halda fram. Kultur har fått sitt utval, medan helse og omsorg ikkje har det. Helse og omsorg og skule som er dei desidert største utgiftspostane i eit kommunebudsjett.

En demokratisk utfordring
Få utval i eit kommunestyre kan vera ei demokratisk utfordring av fleire grunnar: Med få utval kan makta bli konsentrert i hendene på nokre få politikarar, og det avgrensar moglegheitene for brei deltaking og mangfaldige perspektiv i avgjerdsprosessen. Få utval kan og avgrensa kommunestyret si evne til å handtera komplekse saker grundig, då det kan mangle spesialisert ekspertise innan ulike område.

Med for få utval kan Formannskapet bli overbelasta med saker og dermed ikkje vera i stand til å gi kvar sak den merksemda ho fortener, noko som kan føra til overflatiske avgjerder. Ikkje minst vil få utval avgrensa moglegheitene for at ulike interessegrupper og befolkningsgrupper blir ordentleg representerte i avgjerdsprosessen, noko som igjen kan føra til ubalanse i fordelinga av makt, der nokre område eller grupper kan få meir innverknad enn andre. Dette kan true mellom anna demokratiske prinsipp som likeverd og inkludering.

Betra rekruttering
Fleire utval i eit kommunestyre er viktig for rekrutteringa av politikarar. Fleire utval gjev fleire inngangar for borgarar som ønskjer å engasjere seg politisk. Dette gjer politikken meir tilgjengeleg og oppmuntrar fleire til å delta. Forskjellige utval dekkjer ulike interesseområde, noko som appellerer til eit breiare spekter av menneske, noko som fører til ein variert gruppe politikarar med ulike erfaringar og perspektiv.

Politikarar kan byrja i mindre utval før dei går vidare til større verv, noko som gir dei moglegheit til å få opplæring og erfaring før dei tek på seg større ansvar i kommunestyret. Fleire utval oppfordrar også til rekruttering av unge og nye politiske talent, noko som er viktig for å fornya og revitalisera politikken på lokalt nivå.

Spesialisering og effektivisering
Fleire faste utval gjev moglegheit for spesialisering innanfor spesifikke område som helse, utdanning, miljø, næring, oppvekst eller omsorgstrapp. Dette sikrar at medlemmane får tid til å utvikla ekspertise på sine respektive område, og kan dermed ta meir informerte avgjerder. Utvala kan fordjupa seg i komplekse saker over tid, noko som bidreg til grundigare handsaming av saker. Dette kan føra til betre kvalitet på avgjerdene som vert teke, samstundes som kommunestyret kan handtera eit breitt spekter av saker.

Venstre meiner vi må ha fleire utval fordi vi er redde for at kommunestyret/formannskapet kan bli overvelda av mengda saker som må handsamast. Faste utval kan avlasta kommunestyret/formannskapet ved å ta hand om spesifikke typar saker, slik at kommunestyret kan fokusera på overordna retningslinjer og politikk. I tillegg trur vi utval kan fremja samarbeid på tvers av politiske parti, då medlemmane kan arbeida saman for å finna felles løysingar utanfor partipolitiske omsyn.

Med faste utval kan ein oppnå kontinuitet i saksbehandlinga over tid. Dette er særleg viktig for saker som krev langsiktig planlegging og gjennomføring, som infrastrukturprosjekt eller miljøpolitikk. Faste utval gjev dermed ein meir strukturert tilnærming til kommunestyret sitt arbeid og kan bidra til betre avgjerd og effektiv styring.

Samla sett kan få utval avgrensa demokratisk deltaking, avgjerdsskvalitet og representasjon, og derfor kan det vera ei demokratisk utfordring. Fleire utval derimot vil føre til ei meir inkluderande og variert politisk arena, noko som er avgjerande for rekrutteringa av politikarar og den demokratiske prosessen i eit kommunestyre og i formannskapet.

Venstre foreslår å opprette følgjande utval i Haram kommune med sju medlemmar i kvart utval:
a) Plan-, næring og teknikkutval
b) Livsløp, helse- og omsorgsutval
c) Oppvekst-, skule- og kulturutval

Oppvekst-, skule- og kulturutval blir ei utviding av det foreslåtte Kulturutval. Plan-, næring og teknikkutval blir ein utviding av posisjonens munnleg varsla Næringsutval. Livsløp, helse- og omsorgsutval blir eit nytt utval.

Utvalsoppsettet følgjer den nye overordna administrative strukturen for Haram 2024, men med livsløp og helse og omsorg i eit samla utval.

For Haram Venstre
Christian Holstad Lilleng


PS! Forslaget ble nedstemt i kommunestyremøtet 24.oktober, men Venstre vil jobbe vidare med saken.