Dei høge straumprisane har gjort store innhogg i folk sine lommebøker dei siste åra. Samstundes veit
me at kommunen sine inntekter pga straumprisane har auka.
Venstre meiner at kommunen må vera med på tiltak som både reduserer straumforbruket og held
nede straumutgiftene for den einskilde husstand.
Difor vil me etter søknad yta kommunalt tilskot til dei som investerer i solceller, anten det no er
nybygg eller ombygging. Dette må komma i tillegg til dei tilskota ein kan få frå andre instansar i dag.
Også næringslivet må kunne søka om slikt tilskot.
På denne måten kan me minska behovet for vindmøller.
Masfjorden Venstre vil ha dette tiltaket inn i budsjettet for 2024.
Alf Strand