INGEN SKAL STÅ ATT

Kulturskulen i Masfjorden har gjennom mange år vore eit flaggskip i
kultursatsinga. Oppslutninga har vore god, og mange born har fått sitt fyrste
møte med eit musikkinstrument gjennom kulturskulen. Mange har hatt stor
glede av det dei lærte der også i vaksen alder. På same måten har idrettslaga
og idrettskulen vore med å nøre opp under idrettsinteressa hos mange unge.
Nett no er det vanskelege tider med prisstiging og renteauke. Me veit frå andre
stader i landet at mange heimar ikkje har råd til å la borna vera med på
fritidsaktivitetar. Slik vil me ikkje ha det her. Med store avstandar og få
jamaldringar på heimstaden er det viktig at born og unge kjem saman der det
er naturleg.
Masfjorden Venstre har i sitt program at me vil «sikra at alle born og unge som
ønsker det, kan delta i idrett og kulturarbeid. Ingen skal stå utanfor av
økonomiske grunnar.» Me veit at somme kommunar har høgare elevbetaling
enn oss. Likevel må me unngå at elevbetalinga hindrar born og unge i å delta.
Difor kjem Venstre alt i budsjettet for 2024 til å komma med framlegg om
redusert eigenbetaling for heimar med låg inntekt.

Masfjorden Venstre
Alf Strand