Vestland Venstre har inngått eit valteknisk og politisk samarbeid saman med Arbeiderpartiet, Senterpartiet, SV, Krf og Mdg for 2023-2027
Venstre får ein plass i Fylkesutvalet med Åsta Årøen. Jacob Nødseth blir leiar for hovudutval for kultur, idrett og inkludering, i tillegg får venstre plass i hovudutval for opplæring og kompetanse og hovudutval for næring. Venstre har fått tre plassar i Vestland fylkesting, Åsta Årøen, Jacob Nødseth og Marius Hellan Hindenes er dei faste representantane.
Her kan du lese den politiske plattforma: Politisk plattform Vestland 2023–2027