Det er betre at noko skjer, enn at ingenting skjer med Esefjorden

Tenkt bru over Esefjorden.
Tenkt bru over Esefjorden., Foto: Vestland Fylkeskommune

Det er vedteke å skredsikre Fv 55 i Esefjorden med å byggje bru, og høyring av reguleringsplanen er nyleg avslutta. Det synast likevel å vera langt fram for trygging av vegen. I Fylkestinget blei prosjektet utsett og ligg no inne som eitt av fleire aktuelle prosjekt i andre periode av Regional transportplan (2027-2033). Vidare er det bestemt at det skal vurderast delvis bompengefinansiering. I Sogndal har me motvillig gått inn for dette, men knapt nokon trur vel at slik delfinansiering vil vere utløysande.

Trafikkgrunnlaget er lite, og kostnaden estimert til 770–950 millionar er stor.

I første periode (2023–2026) og i køen framom Esefjorden står Fv 609 Heilevang og Fv 49 Tokagjelet. Sistnemnde er vurdert med ein kostnad på 2500–3000 mill. kroner. Til samanlikning er ramma for særskilt fordeling til ras- og skredsikringstiltak på fylkesveg litt under 470 mill. kroner (2023). Venstre meiner difor at me uansett framover må jobba for punktutbetring og tryggingstiltak på eksisterande veg. Det er betre at noko skjer, enn at ingenting skjer.

Det er i alle si interesse at eksisterande veg får sårt sakna punktutbetring.

Me skal heller ikkje gløyma at den dagen brua er realisert, går ansvaret for eksisterande veg til kommunen. Alle som kjenner Sogndal kommune sin lokale transportplan og kostnadane som ligg her, veit at her er nok å ta tak i.

Venstre vil jobba for at det vert gjort vurderingar kring punktutbetring og tryggingstiltak på eksisterande veg.

 

Av Bjarte Haugen, 1. kandidat for Sogndal Venstre

(Dette innlegget vart første gong publisert i Sogn Avis o7.09.23)