Volda ferjekai og Volda rutebilstasjon er begge to viktige kommunikasjonsknutepunkt i Volda kommune. Med god planlegging og godt politisk handverk er desse to knutepunkta i ferd med å bli moderne og tiltalande med gode fasilitetar som legg til rette for kollektiv transport til og frå kommunesenteret vårt.
Samferdsel og kommunikasjon er likevel så mykje meir med viktige eksisterande og potensielle tiltak for å binde heile kommunen saman. Derfor er det bra at ferjetakstane har vorte rimelegare. For pendlarar og dei reisande elles er det også viktig at materieller har ein god og moderne standard. Her har ferjene på Voldsfjorden ein del å gå på, og det er difor viktig at vi som politikarar trykkjer på for å få best mogleg tilpassa moderne ferjer, og for at rutefrekvensen blir godt tilpassa behovet.
Vi ser at både tungtrafikk og personbilar som reiser med ferjene har gått opp i takt med at drivstoffprisane har auka og ferjetakstane reduserte. Dette er ein situasjon som vi lokale Venstrepolitikarar vil følgje nøye med på og som vi vil krevje naudsynte tiltak på. Det er også bra for miljøet at trafikkantane tek kortaste veg over fjorden med elektrifiserte ferjer i staden for å køyre lange omvegar rundt fjordar og fjell.
I Volda kommune er aksen Volda sentrum – Grodås relativt godt tilrettelagt med buss-samband. Dette er naturleg i og med at den relativt nye E39 går her, og at det er bra for busetnad både i Volda sentrum og på Grodås i Hornindal. Det står ikkje så godt til på det store geografiske området på sør- og vestsida av Voldsfjorden. Her er busstilbodet nesten fråverande, og det har nok til dels samanheng med eit minkande befolkningsgrunnlag.
Det som er synd er at dårleg kommunikasjon kan verke forsterkande på tilbakegangen i folketal, busetnad og utvikling. Derfor er det av stor betydning at desse områda i alle fall får ein god kommunikasjon med ferjene over fjorden – og at vegane rundt fjordane blir gjort best mogeleg sikra for ras med godt tilpassa vegdekke- og breidde. Både fylkesvegen i Geislida mellom Fyrde og Straumshamn, og fylkesvegen rundt Dalsfjorden er av ein standard som treng oppgradering. Venstre vil ha stort fokus på desse tilhøva.
Å binde saman bygdene på sør- og vestsida av Voldsfjorden med gode kommunikasjonar mot sentrum er viktig. Rassikring og fjordkryssing kan seiast å vere to sider av same sak, og dermed er bru over Voldsfjorden og/eller Dalsfjorden viktig å konkludere på så snart som moleg. Ei avklaring på ferjeavløysingsmidlar for riksvegar er avgjerande for finansieringa og den vidare framdrifta her.
Til slutt: Det har i fleire år mangla venterom på Folkestad ferjekai. I sommar har dette behovet vorte tydeleggjort. Naboar til ferjekaia fortel om fleire besøk på døra med spørsmål om å få låne toalett. Her må det jobbast vidare for å få dette på plass.
Stig Helland, 4. kandidat for Volda Venstre til kommunevalet