Valprogram Kvinnherad Venstre 2023-2027

Samferdsle

For Kvinnherad Venstre er det viktig med god kommunikasjon med dei omkringliggande kommunane, og ha kjapp og god tilknyting mot E39 og E134. Dette er noko vi arbeider mykje med inn mot politikarar i fylket og våre representantar i regjeringa. Venstre har alltid vore tydelege på at det går an å ha to tankar i hovudet samstundes, og gløymer ikkje samferdsleårene innan kommunen. Ras- og trafikksikringstiltak for å sikre skulevegane til borna våre er utruleg viktig. Venstre meiner at kommunen må gje dei kommunale vegane eit skikkeleg løft for å betre tryggleiken og kvaliteten til dei som bur og ferdast langs vegane.

Venstre vil:

  • Ha ferjefri tilknyting til E39 gjennom realisering av Sunnfast.
  • Samanhengande gang- sykkelsti i heile kommunen.
  • Realisering av Fjelbergsambandet.
  • Fleire avgangar med snøggbåt til Bergen.
  • Prøveprosjekt med nullutslepps-snøggbåt mellom Kvinnherad og Bergen
  • Ras- og trafikksikringstiltak i heile kommunen med særskilt fokus på trygge skulevegar
  • Auka busstilbod i kommunen m.a. ved å prøve ut bestillingsruter i Kvinnherad.
  • Utbetra vegstandaren på dei kommunale vegane i kommunen, t.d. frå Tofte mot Høylandsbygd og Sydnes, Ølve – Hatlestrand, Matre – Åkra og Varaldsøy.
  • Sjå til at “Kvinnheradpakken” vert realisert, og få oppstart av “Kvinnheradpakken 2”.
  • I påvente av Sunnfast vil vi arbeide for innkorting av sambandet Kvinnherad – Stord
  • Arbeida vidare med Sunnhordlandsdiagonalen og utbetring av E-134.
  • Arbeide for reduksjon prisen på månadskort til buss og båt med minst kr 250.
  • Arbeide for nytt fergestø på Skjelnesodden

Skule, oppvekst og livslang læring

Venstre har alltid vore opptatt av kvalitet i skulane. Skal ein oppnå det må ein spela på lag med dei tilsette, og legge til rette for personleg utvikling for den enkelte og kompetanseauke som kjem arbeidsmiljøet til gode. Venstre meiner at aktivitet er med på å gje god læring og meistring i kvardagen. Difor ønskjer vi å få på plass symjeopplæring i barnehagane og gratis årleg skidag som nokre av tiltaka for å oppmuntre til aktivitet. Utekontaktane, Ungdomsklubbane og ungdomslosane er viktige for å motverke utanforskap og fråfall i skulen, og Venstre ønskjer å satse på desse tenestene.Gratis SFO for alle er eit godt tiltak som er med på å fremje inkludering og motverke utanforskap, og er noko vi meiner det er viktig at Kvinnherad vidarefører. Vi ønskjer også å innføre gratis kjernetid i barnehagane og Venstre ønskjer at Kvinnherad skal ha som mål å ha minst 2 lærlingar pr. 1000 innbyggjarar.

Venstre vil:

  • At elevane skal møte eit lag av lærarar, miljøarbeidarar, helsesjukepleiarar og andre tillitspersonar
  • Elevane skal ha ein skule der dei kjenner på meistring i ei opplæring som er tilpassa deira forutsetnader.
  • Lærarane skal ha tid til å skape ein spanande og motiverande skule.
  • Kompetanse skal løne seg og lærarane skal sikrast god lønsutvikling.
  • Leggje til rette slik at dei ufaglærte i kommunen får høve til å auke kompetansen sin.
  • Gratis kjernetid i barnehagar og vidareføring av gratis SFO..
  • Få på plass symjeopplæring i barnehagane og alle klassetrinn i Kvinnherad.
  • Fast årleg skidag for elevane på skulane.
  • Sikre gode lokale for Vaksenopplæringa for å forbetre arbeidsforholda, og gjere tenesta best mogleg for innbyggjarane våre.
  • Arbeide for eit tettare samarbeid mellom næringsliv og skule for å få flest mogleg ut i lære etter vidaregåande. Vi vil og sjå på løysingar der ein har «internship» i bedrifter som har behov for personar med høgare utdanning.
  • Auka talet kommunale læreplassar til minst 2 lærlingar pr. 1000 innbyggjar.
  • Arbeide opp mot fylkeskommunen for å få på plass nye utdanningsløp i Kvinnherad, og utvikle linjetilbodet ved KVV.
  • Vidarefør heildagsskulen, og sjå på om det er mogleg å ha dette fleire plassar i kommunen.

Kultur, idrett og frivilligheit

Venstre og kultur, idrett og frivilligheit har alltid gått hand i hand. Å støtte opp om ulike idretts- og kulturtilbod i kommunen er ei oppgåve som er viktig for at innbyggjarane våre skal trivast. Lags- og organisasjonslivet i kommunen er stort og variert, og i aller høgste grad basert på frivilligheit. Denne frivilligheita må vi verne om. Kommunen må vere ein aktiv bidragsytar og leggje til rette for at desse skal lukkast i prosjekt som kjem alle innbyggjarane til gode. Venstre ønskjer å bidra slik at ein får ut det fulle potensialet Uskedalen har som klatredestinasjon – i tillegg til å støtte opp om aktivitetsparkar og idrettsanlegg rundt om i kommunen. Venstre ønskjer òg å få på plass ein musikk-container på Husnes, der ein kan ha gratis øvingslokale, musikkutstyr og lydanlegg for musikkspirer i alle aldrar. Kvinnherad ønskjer òg å få tilbake kultursjef-stillinga. Friluftsliv er ein av dei viktigaste aktivitetane vi har for ei betre folkehelse, og arbeidet med opparbeiding og merking av turstiar som blir gjort på dugnad bør i større grad få støtte frå Kvinnherad kommune.

Venstre vil:

  • Oppretthalde og utvikle kulturskuletilbodet i kommunen.
  • Auka satsinga på kulturtilbod for born og vaksne gjennom Skulesekken og Spaserstokken.
  • Fleire aktivitetsparkar i kommunen som kan nyttast av innbyggjarar i alle aldrar.
  • Støtte opp om regionsmuseet Sunnhordland museum.
  • Ha ein musikk-container/musikkfabrikk på Husnes med mobil scene.
  • Sikra at turvegar i nærområda og stiar i naturen blir laga slik at dei er så universelt tilgjengeleg som mogleg.
  • Gjera kulturminne og turmål synleg med skilting og informasjon.
  • Støtta opp om frivillig arbeid m.a. ved vidareføring av kommunale støtteordningar.

Økonomi, næring og samfunn

Kvinnherad må vere ein attraktiv stad for nytilflytting og nyetablering av næring. Eit viktig steg på vegen vil vere å ha tilgjengeleg klårgjorde bustad-, industri- og næringsareal, noko som vil gje eit konkurransefortrinn. Venstre vil utvikle Husnes som regionsenter og vil arbeide for å få overført statlege oppgåver til Kvinnherad. Som ein av fylkets største landbrukskommunar er det eit mål å leggje til rette slik at ein ikkje byggje ned landbruksareal, og sikrar nydyrking av tapt areal ved utbygging. Venstre legg press på våre representantar på Stortinget føre landbruksoppgjera, og kjempar for at det skal vere godt og føreseieleg å drive med landbruk i Kvinnherad.

  • Styrka og vidareutvikla Husnes som regionsenter til nytte for heile kommunen.
  • Unngå gjenninnføring av eigedomsskatten
  • Utvikle industri- og næringsareal i kommunen.
  • Tilgang på bustad – og industriområde med tilrettelagd infrastruktur.
  • Tilrettelegging av område for minihus, enkle 1.gongsbustader i kommunal regi. Desse bør ligge sentrumsnært.
  • Støtte opp om Grøn næringspark på Husnes.
  • Arbeida for gode rammevilkår for nyetablerte og eksisterande verksemder.
  • Få til ei økonomisk støtteordning for landbruk i omstilling.
  • Leggja til rette for nydyrking og evt. erstatta tapt landbruksareal ved utbygging.
  • Verne meir natur
  • Styrka samarbeidet med lokalt næringsliv gjennom m.a. å styrke Næringsfondet
  • Støtta tiltak som lokal matvareproduksjon, nisjenæring og turistnæring.
  • Arbeide for fengsel i Kvinnherad.
  • Heiltidskultur i kommunen.

Klima og miljø

Kvinnherad Venstre er opptekne av det klassisk naturvern og det biologiske mangfaldet. No er mykje av dette trua grunna rammeplanen til NVE for vindkraft. Kvinnherad Venstre meiner at sjølv om vindkraft er fornybar, så er det ikkje fornybart å rasere fjellheimen i Kvinnherad. Kvinnherad Venstre seier difor høgt og tydeleg NEI til vindkraft i urørt natur. Vi må òg ta vare på mangfaldet i havet og elvane våre, og støttar opp om arbeidet med elvekultivering for å sikre aure- og laksestammene våre. Vi vil arbeida for at oppdrettsnæringa stadig fornyar seg, og at drifta deira skal vere så miljøvenleg og berekraftig som mogleg. Lukka anlegg på land eller i sjø vil vere eit mål for å forhindre rømming, spreiing av sjukdommar og bidra til at havbotn rundt anlegga blir sunnare.

  • Nei til vindkraft i Kvinnheradsfjella.
  • Ny klima- og miljøplan med strengare klima- og miljømål enn i dag.
  • Hurtigladestasjonar i fleire bygder.
  • Leggja til rette for ei meir miljøvenleg/berekraftig drift av oppdrettsanlegga. Viktig at nye tiltak vert gjort i samarbeid med næringa og forskingsmiljøa. Eksempler er lukka anlegg i sjø og sikre at anlegga har landstraum.
  • Oppgradering og modernisering av eksisterande kraftanlegg.
  • Ja til elvekultivering for å sikra lokal aure- og laksebestand.
  • Ta vare på det biologiske mangfaldet ved t.d. å sikra bier, blomstereng, planting av rette planter på t.d. busskura i kommunen og redusere skadeleg sprøyting.
  • Friområde i dei fleste bygder, sikra allmenn ferdsel og tilgang til strand og skog/fjell.
  • Støtta tiltak for å gjera kunstgrasbanane miljøvenlege ved m.a. utskifting av gummigranulat med meir miljøvenlege alternativ.

Helse og sosial

Gode helsetenester er ein avhengig av frå ein vert unnfanga til ein døyr. Helsestasjon og skulehelseteneste er dei fyrste instansane eit born møter i livet, og denne tenesta må vere trygg og god for både born og foreldre. Venstre ønskjer å oppretthalda, og helst styrka, dagens tilbod. Kvinnherad har utfordringar med fastlegedekninga, og vi må finne løysingar slik at vi får tilsett legar i dei vakante stillingane. Kvinnherad bør få bygd ut fleire «seniorsenter» som på Husnes. Dette vil gje attraktive og trygge bustader med det siste innan velferdsteknologi som ein kan bu i resten av livet. Bustadane vil ha kort veg til butikk og kommunale tenester. Venstre meiner at dette er vegen å gå.

  • Gode tenester og førebygging er grunnlaget for eit godt helsetilbod i kommunen gjennom heile livet.
  • Styrka helsestasjonane og skulehelsetenesta.
  • Førebyggande tiltak retta mot born/unge for å hindra utanforskap og fremja integrering og inkludering t.d. ved bruk av utekontaktane, ungdomskontakten i Politiet og Ungdomsklubbane i kommunen.
  • Kvinnherad skal ta i mot minst det talet flyktningar Statsforvaltaren innstiller på. Om Flyktningtenesta og Vaksenopplæringa har kapasitet må ein vurdera å ta i mot fleire.
  • Realisera fleire «seniorsenter» i Kvinnherad.
  • Leggja til rette for seniortun i sentrale bygder med nær avstand til butikk og andre servicefunksjonar.
  • Ta i bruk moderne og brukarvenleg velferdsteknologi som alarmar, smart-tun, sensorar, løfte- og transportløysingar for å lette belastingar for tilsette, brukarar og pårørande, og gjere at dei som ønskjer det kan bu i sin eigen heim så lenge som mogleg.
  • Eldre som har behov for hjelp med den digitale utviklinga må få tilbod om ein form for «digital naudhjelp».
  • Halda fram arbeidet med å ruste opp aldersheimane til kompetansesenter for rehabilitering, demensomsorg.
  • Styrka dagtilbodet på institusjonane.
  • Støttar opp om Helsehus på Husnes og vil vere aktive i prosessen i høve innhald, storleik, tilbod og liknande.
  • Ny Husnes sjukeheim.
  • Ha eit stort fokus på psykisk helse. Vi må ha gode, heilskapelege tenester slik at personar som har behov får rask hjelp. Ein må sikre gode førebyggingstilbod i tillegg til behandlingstilboda ein har i dag.