Gratulerer med retten din til å stemme ved kommune- og fylkestingsvalet i haust! Du kan for første gong vere med på å bidra til å bestemme korleis Vanylven kommune skal styrast dei neste fire åra. Det som blir vedteke dei komande fire åra vil påverke Vanylven i framtida – i mange år framover.
Vanylven Venstre ynskjer at kommunen legg til rette for ein god skule, spreidd busetnad, eit godt variert næringsliv, og at vi arbeider for å oppretthalde eit godt omsorgs- og rehabiliteringstilbod til dei som treng det. Vi ynskjer ei sterk satsing på psykisk helse, og ynskjer miljøarbeidarar på skulen, i tillegg til å ha helsesjukepleiar på plass.
Venstre vil at vi skal verne om naturen. Det tyder ikkje at vi skal stanse utviklinga av kommunen eller næringslivet, men vi må sørgje for at utvikling og verdiskaping ikkje øydelegg naturen for framtida. For å oppretthalde eit godt lokalmiljø, er det viktig at flest mogleg kan bidra og inkluderast i arbeidslivet. Vi ynskjer eit mangfald av aktivitetar, slik at alle finn noko dei kan trivast med. Kulturen, idretten og frivilligheita må få fridom til å utfalde seg.Les partiprogrammet vårt her.
Det er vanskeleg å gjere eit val, men det er viktig at du brukar røysteretten din, for det er gjennom å bruke den du bidreg til korleis kommunen din blir. Om du ikkje maktar å lese gjennom alle partiprogramma, så finn deg ei sak du er særleg oppteken av, eller nokre politikarar du har tillit til, og som du tenkjer du kan tenkje deg å kontakte om saker du er særleg oppteken av. Våre politikarar er ulike, og meiner ikkje likt i alle saker, og det gjer det enda vanskelegare, men då er programmet vårt utgangspunktet vårt i høve korleis vi kjem til å røyste i kommunestyret.
Vanylven Venstre har fire kandidatar på lista, som er fødde på 2000-talet. Det er Petrine Ystebakk, Synne Seljeset, Magnus Fiskå og Olav Andreas Sande. Stemmer du Venstre, og kumulerer dei unge (gir ekstrastemme), så gir du dei større sjanse til fast plass eller varaplass i kommunestyret. Ingen andre parti har med seg så mange unge kandidatar. Det er vi stolte av! Vonar du vil støtte oss, og desse fire flotte ungdomane. Godt val!