Regjeringa kunngjer nye byggjeprosjekt innanfor eldreomsorga, men eg håpar dei ikkje har gløymt at det er menneske, ikkje bygningar, som utgjer kjerneelementet i eldreomsorga. Det grunnleggjande problemet er tydeleg: Vi kan ikkje bemanna sjukeheimar med oljemilliardar; det krev dedikerte og kompetente fagfolk. Eg meiner det er dette som ligg til grunn for den pågåande krisa i eldreomsorga vår.
–Vi må tenke innovativt og våge å ta tak i dei vanskelege diskusjonane
Sjølvsagt er det ei positiv utvikling at ein byggjer fleire sjukeheimsplassar, men det er ikkje i seg sjølv er ikkje nok til å løysa denne utfordringa. Vi må tenke innovativt og våge å ta tak i dei vanskelege diskusjonane:
Større fagmiljø
For det første er det openbert at mange kommunar i Noreg ikkje kan tilby dei fagfolka som jobbar i eldreomsorga eit tilfredsstillande fagleg miljø, karriereutvikling og kompetanseheving. Me må lytta til dei tilsette som faktisk jobbar i feltet. Og ting tyder på at dei føretrekker å jobba i større kommunar: Helsepersonellkommisjonen viser at rekrutteringsutfordringar er knytt til mindre sentrale strøk, og at ein av grunnane til dette er nettopp små fagmiljø. I NHOs sjukepleiarundersøking for 2023 svarer 84 prosent av dei spurde at det er viktig for dei at yrket har ulike valmoglegheiter for arbeidsgivar og arbeidstid. I den årlege Kommunebarometer-undersøkinga blir kommunar mellom 20,000 og 50,000 innbyggjarar best rangert innan pleie- og omsorgsområdet, medan kommunar mellom 5000 og 10,000 innbyggjarar kjem på andre plass.
Nye turnusordningar
For det andre må me ser på turnusane. Turnusarbeid er ein realitet innan helsesektoren, men må organiserast betre. Dagens turnusordningar er ikkje optimale. Eg trur auka grad av fleksibel turnus kan føra til auka trivsel og fleire tilsette som jobbar i større stillingsprosent. Det er på tide å utforska nye turnusordningar i samarbeid med fagorganisasjonane.
Oppgåvedeling
Eit tredje aspekt er oppgåvedeling. Vi må utnytta den dyrebare helsekompetansen vi har på ein meir betre måte, og frigjere tid til pasientretta arbeid. Dette kan innebere å la helsefagarbeidarar med tilstrekkeleg opplæring utføra oppgåver som tradisjonelt har vorte handtert av sjukepleiarar. Men det kan og handle om å fordele oppgåver til personell der helsefagleg kompetanse ikkje er naudsynt.
I tillegg er det klart at vi treng meir bruk av helseteknologi. Ikkje for å erstatta fagfolka, men for å gjera arbeidsdagen deira lettare. Eg veit at sjukepleiarane sjølv er veldig glad for dette, men det må rullast ut på ein meir systematisk måte frå oss politikarar.
Det er på høg tid å erkjenna at eldreomsorga treng ein djupare gjennomtenking.
Alfred Bjørlo
Helsepolitisk talsperson, Venstre
– La oss samarbeida for å byggje ei eldreomsorg som vi kan vere stolte av
Det er på høg tid å erkjenna at eldreomsorga treng ein djupare gjennomtenking. Byggjeprosjekt åleine kan ikkje løysa mangelen på kvalifisert arbeidskraft. Det krev handling som prioriterer fagleg utvikling, tilfredsstillande arbeidsforhold og fleksible løysingar. La oss samarbeida for å byggje ei eldreomsorg som vi kan vere stolte av – ein som gir dei eldre medborgarane våre den verdigheita og omsorga dei fortener.
-Alfred Bjørlo
helsepolitisk talsperson, Venstre
Venstre vil:
- Ta i bruk velferdsteknologi, innovasjon og nye løsninger for å legge til rette for at flere kan bo hjemme lenger og mestre sin egen hverdag, samtidig som man tar hensyn til eldre uten digital kompetanse.
- Satse på hjemmerehabilitering slik at eldre raskest mulig kan komme tilbake i vanlig form etter sykdom og skade.
- Stimulere til at flere eldre tar ansvar for sin egen bosituasjon, og legge til rette for nye typer boliger med mer fellesskap.
- At kommunene er svært bevisste på å bruke rett kompetanse til rett oppgave slik at man utnytter de tilgjengelige personalressursene best mulig.
- Legge til rette for at sykehjem og omsorgsboliger har et tilpasset tilbud som reflekterer enkeltmenneskers interesser og ønsker.
- At flere kommuner er demensvennlige og tilbyr avlastning for pårørende og aktivisering for personer med demens.
- Tilrettelegge for et mer sømløst samarbeid på tvers av hjemmetjenesten, helsetjenesten og frivilligheten for å motvirke underernæring og ensomhet blant eldre.
- Være åpen for en blanding av ideelle, kommersielle og kommunale sykehjem.
- Sørge for at maten på bo- og omsorgshjemmene har høy kvalitet og er tilpasset den enkeltes vaner og ønsker, blant annet ved å involvere beboerne så langt som mulig ved måltidene.
- Ha et rikt aktivitetstilbud på bo- og omsorgshjemmene som er tilpasset det mangfoldet av mennesker som bor sammen de siste årene av livet.
- Gi tilbud om GPS-sporing for å øke radiusen og friheten til de eldre der det foreligger samtykke.