– Bremanger Venstre vil gjere alt vi kan for å få gjort nødvendige vedtak, slik at det nye servicebygget på Grotle kjem på plass så snart som råd.
Reguleringsplan for Grotlesanden vart vedteken av kommunestyret 16. juni 2022 og stadfesta av Statsforvaltaren den 27. januar 2023, etter handsaming av ein klage. Gjennom reguleringsplanen er framtidig bruk av areal til parkering, servicebygg, landbruk og andre føremål avklart.
På bakgrunn av dette vedtok kommunestyret 15. desember 2022 å løyve fem hundre tusen kroner på investeringsbudsjettet for 2023 til planlegging/prosjektering av nytt servicebygg. Vidare sette ein av 4 millionar kroner på budsjettet for 2024 til realisering av servicebygget.
Arbeidet med planlegging og prosjektering starta før sommarferien, og teikningar og illustrasjonar er venta å bli lagde fram i slutten av september. Det gler vi oss til! Nybygget er tenkt plassert om lag der eksisterande bygg står i dag.
Fasilitetane vi tilbyr til besøkande av denne naturperla har altfor lenge vore alt for dårlege. No ligg alt til rette for å få gjort noko med det. Bremanger Venstre vil gjere alt vi kan for å få gjort nødvendige vedtak, slik at det nye servicebygget på Grotle kjem på plass så snart som råd.