Brynhild Lund Notøy, 1. kandidat for Venstre: Volda treng eit BRUKAROMBOD

Carola Herrmann foto

Meiner du som pårørande at di gamle mor ikkje får gode nok kommunale tenester, men veit ikkje kven du kan klage til? Meiner du at barnet ditt ikkje får naudsynt tilpassa undervisning, og er du utsliten av å få avslag på søknad om meir pedagogisk hjelp til barnet ditt?

Det er mange som kan føle seg makteslause i møte med ulike kommunale tenester, og som ikkje veit nok om kva rettar dei har, eller som føler at kommunen ikkje tek omsyn til reelle behov.

Volda Venstre vil difor føreslå at kommunen skal få eit Brukarombod som kan bidra til å sikre brukarane sine rettar og betre kvaliteten på kommunale tenester. Ombodet skal vere sjølvstendig og uavhengig av administrasjonen i kommunen.

Eit Brukarombod skal arbeide for å ivareta barn, unge og vaksne som er brukarar av helse-, omsorgs- og oppveksttenester i Volda kommune. Dette betyr at du kan vende deg til ombodet med spørsmål om til dømes helse og omsorg, barnevern, barnehage, skule og sosialtenesta.

  • Ombodet skal gi råd og rettleiing om kommunal sakshandsaming og klageordningar
  • Ombodet skal hjelpe deg med å finne rett instans om du er usikker på kvar du skal vende deg
  • Ombodet skal hjelpe deg med formulering av eventuelle klager

Sjølv om dei fleste har gode erfaringar i møte med kommunen og tek i mot gode tenester, er det alltid rom for forbetringar. Innføring av Brukarombod er difor retta mot dei som er misnøgde med dei tenestene dei får. Dette kan til dømes vere pårørande som er misnøgde med omsorgstilbodet deira gamle mor eller far får, men som ikkje veit kven dei kan klage til for å få betra tilbodet. Det kan vere foreldre til barn med særskilde omsorgs- og hjelpebehov – foreldre som er utslitne av tallause rundar med kommunen i håp om at barnet deira skal få ein best mogleg oppvekst.

Vi kan lære av erfaringane til Trondheim og andre kommunar som allereie har Brukarombod, og som viser at behovet er stort. Der er det til dømes mange som vender seg til Brukarombodet fordi dei opplever at tenestetilbod blir dårleg koordinert, eller at dei ikkje får det timetalet med spesialundervisning som dei har rett på. I mange saker der ein brukar skjønn, er avslag ofte ikkje tilstrekkeleg grunngjeve, og då er det vanskeleg å vurdere korleis ein kan klage.

Det er viktig å understreke at innføring av Brukarombod ikkje er uttrykk for ein generell mistillit til kommunale tenester, men er meint som ein ekstra sikkerheitsventil for at vi som innbyggarar både skal forstå og kunne krevje det vi har rett på. Gjennom dette arbeidet kan Brukarombodet også gi kommunedirektøren i Volda råd om forbetringar og konkrete forslag for å betre brukarane sine tenester og rettstryggleik.